Hopp til innhald

Jonas Andersen Sayed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Andersen Sayed

Fødd18. oktober 1997 (28 år)
Flekkefjord kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti (2015)
Yrkelokalpolitikar, politikar
MedlemKristeleg Folkepartis Ungdom
Alle verv

Jonas Andersen Sayed (fødd 18. oktober 1997) er ein norsk politikar for KrF som har vore stortingsrepresentant for Rogaland sidan Stortingsvalet 2025.[1][2] I perioden frå 2019 til 2023 var han ordførar i Sokndal kommune i Rogaland. Ved tiltredinga var Sayed den yngste ordføraren i norsk historie.[3]

Sayed vekte mykje åtgaum då han i samband med budsjetthandsaminga desember 2019 valde å kutta eiga ordførarlønn med 250 000 kr for å frigjera middel i driftsbudsjettet til kommunen til eldre, friviljugheit og kultur.[4] Det vart også omtalt i både norske[5] og ukrainske[6] medium at han sumaren 2023 sykla frå Sokndal til Ukraina for å visa solidaritet og samla inn pengar til det ukrainske forsvaret i samband med krigen i Ukraina.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Sayed byrja den politiske karrieren sin som kommunestyrerepresentant i Sokndal, der han vart vald inn som 17-åring i 2015. Kort tid etter engasjerte han seg i Kristeleg Folkepartis Ungdom og vart i 2016 vald som leiar av fylkesorganisasjonen i Rogaland. Hausten 2018 vart han innstilt, og seinare vald, som ordførarkandidaten til Sokndal KrF ved kommunevalet 2019. Den dåverande ordføraren i Sokndal, Trond Arne Pedersen (KrF), hadde tidlegare same haust varsla at han ikkje tok attval. Sayed var også 2. kandidat på vallista til Rogaland KrF i samband med fylkestingsvalet 2019.

Valet den 9. september 2019 vart ein kjempesuksess for Sokndal KrF, og partiet vart det største partiet i kommunen med 26,2 % av røystene.[7] Sayed var også den av politikarane som stilte til val i Sokndal som fekk flest personrøyster.[8] Nokre dagar etter valdagen vart det klart at KrF, Sokndal Listo, Senterpartiet, Frp og Venstre ville samarbeida den komande kommunestyreperioden,[9] og det var dimed klart at Sayed ville verta vald som ordførar i det konstituerande kommunestyremøtet. Den 28. oktober 2019 vart Sayed einrøystes vald av kommunestyre som ordførar i Sokndal for valperioden 2019–2023.[10]

Sayed vart også som fylgje av listeplasseringa på fylkestingslista til Rogaland KrF vald som fast fylkestingsrepresentant i Rogaland i perioden 2019–2023. Han valde etter eige ønske å ikkje vera medlem i nokre av hovudutvala, men han vart i det konstituerande fylkestingsmøtet vald som leiar av trafikktryggleiksutvalet i fylket.[11]

Då analyseselskapet Sentio Research Group gjennomførte ei undersøking i 2023 om kvar tilfredse innbyggjarane i kommunane i landet var med ordføraren i kommunen sin, var Sayed øvst på lista med ei tilfredsheit på 81,77 (av 100).[12]

Ved valet 11. september 2023 vart Sokndal KrF det største partiet i kommunen med 28,9 % av røystene, ein framgang på 2,7 prosent frå valet i 2019. Sayed var dessutan den politikaren i kommunen som fekk flest personrøyster frå veljarane.[13] Likevel vart Bjørn-Inge Mydland frå Senterpartiet utpeikt som ny ordførar, då Venstre, Høgre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet med støtte frå Raudt inngjekk ei intensjonsavtale om samarbeid.[14][15]

  1. «Jonas Andersen Sayed». Stortinget.no.
  2. «Jonas Andersen Sayed» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Topdahl, Rolv Christian (9. september 2019), «KrF-talentet Jonas (21) kan bli tidenes yngste ordfører», NRK (på norsk bokmål), henta 19. desember 2019, «Nå er det klart at Jonas Andersen Sayed (21) blir ordfører i hjemkommunen Sokndal. Med det blir han Norges yngste ordfører noensinne.»
  4. Rossholt, Helene Halvorsen (27. november 2019), «Norges yngste ordfører kutter lønna med 250.000 kroner», NRK (på norsk bokmål), henta 19. desember 2019, «Penger til ungdom, eldre og frivillige»
  5. Hansen, Åse Karin (20. juli 2023), «Ordfører Jonas Andersen Sayed bruker ferien til å samle inn penger til Ukraina», NRK (på norsk bokmål), henta 10. oktober 2023, «Nå har han satt seg på sykkelsetet til inntekt for Ukraina. Han skal bruke ferien sin til å sykle 2000 kilometer fra Sokndal i Rogaland til kommunen Zaliztsi i Vest-Ukraina.»
  6. «Norwegian city mayor cycles to Ukraine and raises US$14,500 for Armed Forces», Ukrainska Pravda (på engelsk), henta 10. oktober 2023, «Jonas Andersen Sayed, the mayor of the city of Sokndal in Norway, has made an 11-day bicycle tour to the village of Zaliztsi in Ternopil Oblast, raising NOK 150,400 [approximately US$14,500 – ed.] for the needs of the Armed Forces of Ukraine.»
  7. Skadberg, Sylvie Assersen (9. september 2019), «Seiersstemning i KrF-leiren i Sokndal», Dalane Tidende (på norsk), henta 19. desember 2019
  8. Mydland, Ingvill (11. september 2019), «Fikk flest personstemmer», Avisen Agder (på norsk), henta 19. desember 2019, «Jonas Andersen Sayed (KrF) fikk 279 personstemmer mens Arbeiderpartiets Tron Løvås fikk 135.»
  9. Kvassheim, Gunnar (23. oktober 2019), «Enige om mye, også om å skyve på saker de er uenige om», Dalane Tidende (på norsk), henta 19. desember 2019, «Kristelig Folkeparti, Sokndal Listo, Senterpartiet, Fremskrittspartiet og Venstre, som inngikk valgteknisk samarbeid om posisjoner, la onsdag ettermiddag fram et politisk samarbeidsdokument»
  10. Hagen, Janne (28. oktober 2019), «Nå er han Norges yngste ordfører», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 19. desember 2019, «Et enstemmig kommunestyre i Sokndal valgte mandag kveld Jonas Andersen Sayed (KrF), 22 år, som ordfører i Sokndal kommune. Med dette er Sayed tidenes yngste ordfører i Norge.»
  11. «Konstituerende fylkesting». Kristelig Folkeparti. KrF. Arkivert frå originalen 19. desember 2019.
  12. Lågbu, Øivind (8. september 2023), «Siri Martinsen fornøyd med 76. plass på topp 100-liste: – Husk at jeg bare har sittet to år», Fredriksstad Blad (på norsk), henta 10. oktober 2023, «Helt øverst på Sentios landsomfattende ordførerevaluering finner vi Jonas Andersen Sayed (KrF) i Sokndal kommune i Rogaland, med cirka 3.300 innbyggere. Med en tilfredshet på 81,77 vinner han med en stor margin til nestemann på lista. Sayed ble ordfører som 22-åring i 2019, og var dermed landets yngste noen gang.»
  13. Aalbu, Ingve (13. september 2023), «Sjekk lista i Sokndal: Han er suveren på slengertoppen», Dalane Tidende (på norsk), henta 10. oktober 2023, «Jonas Andersen Sayed representerer KrF, men har også støtte i andre leirer.»
  14. «Jonas Andersen Sayed (KrF) er vraket i Sokndal: Bjørn-Inge Mydland (Sp) blir ordfører», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), 21. september 2023, henta 10. oktober 2023
  15. Odland, Keth (31. oktober 2023), «KrF og Frp stemde blankt, men Bjørn-Inge fekk kjede og nye utfordringar», Dalane Tidende (på norsk), henta 19. september 2024

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]