Jonas Bergström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jonas Claes Bergström (fødd 23. januar 1979) i Danderyd nord for Stockholm) er ein svensk advokat. Bergström var forlova med svenske prinsesse Madeleine frå den 11. august 2009 til den 24. april 2010, då det vart kjent at dei braut forlovelsen.

Bergström voks opp hos foreldra sine Claes och Elisabeth Bergström, saman med sine to eldre brør, Peder og Ted. Etter vidaregåande skule (svenske gymnasiet) i Danderyd tok Jonas Bergström juridisk embetseksamen ved universitetet i Stockholm. Sidan 2006 har Bergström arbeidt som advokatfullmektig ved det prestisjefylte advokatkontoret Vinge i Stockholm. Bergström har tidlegare jobba ved eit advokatkontor i New York, og i eit aksjemeglerhus i Stockholm.

Bergström har drive med ulike typen idrettar, blant anna fotball på elitenivå. Jakt og kunst er andre interesser han har.

Jonas Bergströms far, Claes Bergström, driv eige firma innan byggjeleiing og eiendomsutvikling. Mora hans, Elisabeth Bergström, har tidlegare jobba med administrative spurnader innan Danderyds kommunale voksenutdanning.