Jonas Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas Brothers
Jonas Brothers August 2010.jpg
OpphavUSA
Aktiv2005–2013
SjangerPop/rock
PlateselskapColumbia Records (2005 - 2006)
Hollywood Records
MedlemmerKevin Jonas
Joe Jonas
Nick Jonas
John Taylor
Greg Garbowsky
Jack Lawless
Ryan Liestman
Tidlegare medlemmerAlex Noyes

Jonas Brothers var ein amerikansk pop-rockgruppe frå Wyckoff i New Jersey som blei kjent gjennom Disney Channel. Bandet var sett saman av Kevin Jonas, Joe Jonas, Nick Jonas, John Taylor, Greg Garbowsky, Jack Lawless og Ryan Liestman.

Alt starta som eit soloprosjekt av Nick Jonas, etter at han som 6-åring blei oppdaga då han song i ei frisørsalong. Som 7-åring byrja han å spille på Broadway. Han har vore med i fleire stykkar. Han blei signert av plateselskapet Columbia Records, men då dei tidleg i 2005 høyrte songen «Please Be Mine», blei Daylight/Columbia einige om å signere alle tre.