Jonas Hestnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas Hestnes
Fødd 27. oktober 1869
Halsa
Død

19. november 1926
Kristiansund

Yrke politikar, redaktør

Jonas Hestnes (27. oktober 186919. november 1926) var ein norsk lærar, redaktør, ordførar og stortingsrepresentant frå ValsøyfjordNordmøre. Nils J. Hestnes var bror hans.

Hestnes var son av ein gardbrukar i Valsøyfjord. Sjølv vart han seminarist frå Tromsø i 1888. Lærarvikar i Kristiansund 1889-90 og lærar i Ibestad 1891-93. Frå 1893 var Hestnes redaktør av avisa Romsdalsposten, som kom ut i Kristiansund. Denne stillinga hadde han til han døydde, med ei avbrot 1918-21. Dei tre åra var han borgarmeister i Kristiansund.

Hestnes var medlem av bystyret i Kristiansund frå 1898, ordførar 1910-13 og 1916-18. 1901-06 var han formann i Venstre i Romsdals amt. Han var stortingsrepresentant for Kristiansund 1910-15, begge periodane sekretær i sosialkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]