Jonas McDonnell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas McDonnell
Nasjonalitet Norsk
Fødd 2. mai 1986 (33 år)
Hønefoss, Buskerud
Utdanning Høgskulen i Volda
Yrke Låtskriver, musikar

Jonas McDonnell (fødd 2. mai 1986) er ein norsk låtskrivar og musikar frå Hønefoss. Han har skrive teksten til songen «Grab the Moment» som vann Melodi Grand Prix 2017. Songen vart framført av JOWST og Aleksander Walmann, og den kom på ein tiandeplass i Eurovision Song Contest 2017 i Kiev i mai same år.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

McDonnell har drive med musikk sidan han var tenåring og har vore medlem i fleire band sidan.[2] Som 15-åring laga han trancemusikk ved hjelp av musikkprogramvaren Fruity Loops, og som 16-åring byrja han å rappe og laga eigne songar. Etter nokre år med rapping, byrja han å skrive og synge songar innan pop-sjangeren, akkompagnert av gitar.[3]

McDonnell har studert media, IKT og design ved Høgskulen i Volda.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orø, Marit (12. mars 2017). «Jonas fra Hønefoss skrev teksten til vinnerlåta!». Ringerikes Blad. 
  2. «Jonassic Park». 
  3. 3,0 3,1 «Jonas McDonnell». 8. oktober 2008.