Jonas Nilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas Nilsson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 7. mars 1963
Hedemora
Idrett alpint
Yrke alpinist

Jonas Nilsson (fødd 7. mars 1963) er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Hedemora som vart verdsmeister i slalåm i 1985.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nilsson vart i 1981 junior-europameister i slalåm. Slalåmspesialisten melde seg på verdseliten i greina i OL-sesongen 1984. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vart han nummer fire, einast fem hundredels sekund bakom bronsemedaljøren.

Storfavoritten Marc Girardelli leia slalåmrennet i VM i alpine greiner 1985 i Bormio etter den fyrste omgangen. Med bestetid i andre omgangen overraska Nilsson med å verte verdsmeister i slalåm, seks hundredels sekund framom Girardelli.

Den 16. desember 1985 vann Nilsson i Madonna di Campiglio det fyrste av to verdscuprenn, begge i slalåm. Verdscuptriumf nummer to kom i Kranjska Gora i byrjinga av januar 1990.

Nilsson vart nummer seks i yndlingsgreina under vinterleikane 1988 i Calgary, nummer fem i VM i alpine greiner 1989 og avslutta med ein åttandeplass i 1992-OL i Albertville. Han la deretter bort konkurranseskia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar