Jonas Svensson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Svensson


Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1993 (31 år)
Verdal kommune
Idrett fotball

Jonas Svensson (fødd 6. mars 1993) er ein norsk fotballspelar frå Verdal som sidan 2017 gjer teneste i AZ Alkmaar. Han er sideback med 19 landskampar for Noreg per oktober 2020.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Svensson spelte på Levanger FK sitt lag på nivå 3 i 2008 og -09. I august 2009 vart han overført til Rosenborg BK, ein fotballklubb han vart serie- og cupmeister med både i 2015 og 2016. Vinteren 2017 skreiv han kontrakt med den nederlandske toppserieklubben AZ Alkmaar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Svensson debuterte 1. juni 2016 i ein heimekamp mot Island. Per oktober 2020 har han spelt 19 landskampar utan å kome på skåringslista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]