Jonas Ueland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas Ueland
Fødd 11. desember 1830
Lund
Død

24. juli 1913
Lund

Yrke politikar

Jonas Mikal Olsson Ueland (11. desember 183024. juli 1913) var ein gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Heskestad i Rogaland. Ole Gabriel Ueland var far hans, Gabriel Olsson Ueland ein bror.

Ueland var frå 1852 gardbrukar på Hetland i heimbygda Heskestad. Frå 1871 til han døydde var han i tillegg lensmann i Heskestad. I årevis var han medlem av heradsstyret, forlikskommisjonen og kasserar i den lokale sparebanken.

Ueland møtte på Stortinget fyrste gongen 8. mars 1880 som 1. varamann frå Stavanger amt. Han møtte då i staden for broren Gabriel, som var permittert resten av perioden 1880-82. Frå 1883 til 1900 hadde han fast plass på Stortinget for amtet. 1880-82 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, sekretær i same komiteen 1883-91, sidan 1891 formann i komiteen til han forlet Stortinget. Han var medlem av Lagtinget 1883-88, sekretær 1889-93, frå 1893 til -97 atter medlem. Elles var han medlem av valkomiteen frå 1886, av fullmaktskomiteen frå 1890. Han var medlem av den kongelege kommisjonen om pensjonslov av 1896.

Han døydde på garden sin i Heskestad i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]