Jonatan Johansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonatan Johansson
Johansson jonatan.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Jonatan Lillebror Johansson
Fødd 16. august 1975
Fødestad Stockholm
Høgd 184 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
TPS
Nummer 16
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1994
1995-97
1997
1997-2000
2000-06
2006

2006-08
2009
2009-10
2010-
Flag of Finland.svg Pargas
Flag of Finland.svg TPS
Estland Flora
Skottland Rangers
Flag of England.svg Charlton Athletic
Flag of England.svg Norwich City (lån)
Sverige Malmö
Skottland Hibernian
Skottland St. Johnstone
Flag of Finland.svg TPS
23 (5)
32 (6)
9 (9)
48 (14)
148 (27)

12 (3)
55 (23)
9 (0)
6 (1)
-
Landslag
1996- Flag of Finland.svg Finland 100 (22)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. oktober 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 14. oktober 2009

Jonatan Johansson (fødd 16. august 1975 i Stockholm) er ein finsk fotballspelar, som har spelt for fleire klubbar i England, Skottland og Sverige. I 2010-sesongen skal han spela for TPS i den finske fotballigaen. I 2009 spelte han sin landslagskamp nummer 100 for det finske landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Johansson debuterte i den finske toppserien for klubben TPS frå Åbo (Turku) i 1995. I 1997 spelte han ei kort tid for Flora i Tallinn i Estland, før han drog til den skotske toppklubben Rangers. I 2000 vart han kjøpt av London-klubben Charlton Athletic i engelsk Premier League. Han spelte for Charlton i Premier League i fem sesongar, før han vart lånt ut til Norwich City i den nest høgste divisjonen i 2005-06. Sommaren 2006 forlet Johansson dei britiske øyane og drog til den svenske toppserien og Malmö FF. I 2009 hadde han eit nytt opphald i Skottland der han spelte for dei to klubbane Hibernian og St. Johnstone. Etter dette vende han heim til Finland, der han skal spela for gamleklubben TPS i 2010-sesongen.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Johansson har vore ein viktig spelar for det finske landslaget. Han fekk A-lagsdebuten sin mot Kuwait 16. mars 1996, og passerte i 2009 hundre landskampar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå svensk wikipedia 11. april 2010.