Jondal
| Jondal | |||
| tettstad | |||
Jondal Foto: Helge Gunnar Byrkjeland | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Ullensvang | ||
| Areal | 0,57 km² | ||
| Folketal | 425 (2024) | ||
| Folketettleik | 746 / km² | ||
| Postnummer | 5627 JONDAL | ||
| Innbyggjarnamn | jondøl(ing) | ||
| Preposisjon | i Jondal | ||
![]() Jondal 60°16′33″N 6°15′08″E / 60.2758°N 6.25222°E | |||
| Wikimedia Commons: Jondal (village) | |||
Jondal er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Staden var kommunesenter i tidlegare Jondal kommune fram til 1. januar 2020 da kommunen vart slegen saman med Odda kommune og Ullensvang herad til nye Ullensvang kommune. Vegane som kjem frå alle bygdene i Jondal kommune møter kvarandre midt i sentrum. Det er òg ferjesamband frå Jondal til Tørvikbygd. Tettstaden har 425 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Bygningar og fasilitetar
[endre | endre wikiteksten]I og med at Jondal var kommunesenteret, ligg det tidlegare kommunehuset her, samt dei fleste av butikkane i kommunen. Frå og med skuleåret 2006-2007 hadde Jondal kommune berre éin skule, Jondal skule, som ligg i sentrum av tettstaden, på nordsida av Jondalselva, som deler bygda i to. Dette er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 150 elevar, SFO, gymsal og symjehall. Skulen ligg side om side med Jondal Barnehage og kulturskulen i Jondal, som begge har eigne bygg. Aldersheimen Vikevollen ligg rett over vegen for skule og barnehage. På sørsida av Jondalselva ligg turistinformasjonen i Jondal.
Jondal kyrkje ligg òg i tettstaden Jondal.
