Jondalstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jondalstunnelen
Jondalstunnelen.jpg
Kart som syner vegen mellom Norheimsund og Odda om Jondalstunnelen og Folgefonnstunnelen.
VegFv107
KommuneJondal
FylkeVestland
Lengd10 050 meter
Køyrehøgd4,6 m
Trafikk743 (2021)[1]
Opna7. september 2012[2][3]
BompengarInnkrevinga avslutta i 2020.

Jondalstunnelen
60°10′53″ N 6°17′14″ E

Jondalstunnelen er ein vegtunnel som går frå Nordrepollen i Kvinnherad til Torsnes i Jondalfylkesveg 107. Vegen om Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen er skildra som den snøggaste og tryggaste vegen mellom Bergen og Odda, og dermed også eit alternativ for vegtrafikken mellom Bergen og Oslo. [4] Tunnelen oppstod som ein idé då planane om Folgefonntunnelen kom. Men tunnelplanane møtte mykje motsand, særleg frå dei som kjempa for alternativ lenger inne i fjorden, men også frå Kvinnherad-sida.[5] Ein eigen folkeaksjon vart skipa i 2002 for å arbeida for bygging av tunnelen, og fekk namnet Jondalstunnel Nå. Politikarar i Hardanger arbeidde for å skaffa finansiering til prosjektet og 24. juni 2009 underskreiv Statens vegvesen kontrakt med entreprenøren Kruse Smith AS om bygging av tunnelen. [6] Vegen vart offisielt opna den 7. september 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.[7] [8]

Tunnelen er 10 km lang, og prosjektet vart rekna å koste om lag 886 millionar kroner. I tillegg til sjølve Jondalstunnelen, omfatta prosjektet Ødegårdstunnelen(Torsnestunnelen) på 580 meter, veg i Nordrepollen på 540 meter, hovudveg i Jondal på 1485 meter og tre bruer.

Bompengar[endre | endre wikiteksten]

Jondalstunnelen var delvis bompengefinansiert og det kosta 32 kr for småbilar og 51 kr for store bilar utan rabatt fram til 8. juli 2020, då bompengeinnkrevinga blei avslutta.[9][10] Frå åpning og frem til 1. desember 2018 var prisane 100 kr for småbil og 200 kr for tungbil.[11] Trafikantar som passerte både Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen i løpet av éin time, skulle berre betala for passeringa i Jondalstunnelen. Trafikantar med Autopass kunne oppnå rabattar på opp mot 50%.[12] Innkrevinga skulle vare til år 2027.

Trafikkgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Hovudmålet med tunnelen var eit betre og kortare samband mellom Jondal og Kvinnherad via Folgefonntunnelen mot Odda og E134 Haukelivegen. Dette sambandet gjekk før om Utne og Odda og tyngre køyretøy måte kryssa Hardangerfjorden med ferje to gonger.

I samanheng med Folgefonntunnelen vil tunnelen kunne gje grunnlag for Europaveg 134 som stamveg mellom Oslo og Bergen. Vegen vil då bli 100 kilometer kortare enn alternative vegar mellom dei to største byane i Noreg. Bussruta Haukeliekspressen vil med tunnelen kunne køyre ruta Bergen–Oslo om lag éin time snøggare enn før.[13] Statens vegvesen meinte før opninga at årsdøgntrafikken i tunnelen ville bli 340. Etter første månaden i drift ser ÅDT ut til å bli om lag 450.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trafikkdata Fv49 Jondalstunnelen». Statens vegvesen. 
  2. «Jens åpner Jondalstunnelen». bt.no. 31. juli 2012. Henta 24. august 2012. 
  3. «Opna Jondalstunnelen». Regjeringen.no. 7. september 2012. Henta 7. september 2012. 
  4. Omstridd suksesstunnel - Leiar i BT om Jondalstunnelen i eit større bilete.
  5. Les Jondalsmagasinet i dagens HF Hardanger Folkeblad i eit eige bilag i høve Jondalstunnelen
  6. Fv 107 Jondalstunnelen – underskriving av kontraktar Statens vegvesen - besøkt 05. mai 2011
  7. Stoltenberg kjem til Jondal Hardanger Folkeblad siterer ein pressemelding frå fylkesvaraordførar i Hordaland fylke Mona H. Hellesnes
  8. Gjennomslag i Jondalstunnelen Statens Vegvesen oppgjer 1. september 2012 som ein forventa opningsdato.
  9. «(+) Her køyrer Arnfinn og ordføraren gratis gjennom Jondalstunnelen». www.h-avis.no (norsk). 8. juli 2020. Henta 27. september 2020. 
  10. «Kunngjøringer vedrørende endring i takst- og rabattsystemet fra 01.12.18 » Ferde». Ferde (norsk bokmål). 27. oktober 2018. Henta 1. desember 2018. 
  11. Takster Arkivert 22. oktober 2016 på Wayback Machine. Jondalstunnenen AS
  12. 100 kroner i bompengar i Jondalstunnelen Hordaland Fylkeskommune om bompengar.
  13. Trafikkampen i Hardanger Hardanger folkeblad
  14. Populær tunnel i Jondal BT.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]