Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joni Mitchell
Joni Mitchell 2004.jpg
Joni Mitchell, konsert i 2004
Verkeleg namn Roberta Joan Anderson
Opphav Saskatoon i Saskatchewan i Canada
Fødd 7. november 1943 (70 år)
Fort Macleod i Alberta i Canada
Instrument Vokal, piano, gitar, dulcimer
Yrke Songar og låtskrivar, plateprodusent, musikar
Plateselskap Reprise (1968–1972; 1994–2001)
Asylum (1972–1981)
Geffen (1982–1993)
Nonesuch (2002)
Hear Music (2007–til i dag)
Nettstad www.jonimitchell.com

Joni Mitchell, CC eller Roberta Joan Anderson (fødd 7. november 1943) er ein kanadisk musikar, låtskrivar og målar.[1]

Mitchell starta å synge på små nattklubbar i Vest-Canada der ho voks opp, og spelte så på gata i Toronto. På midten av 1960-talet reiste ho til New York City og det rike visemiljøet som var der. Ho spelte inn debutalbumet i 1968 og vart først kjend som låtskrivar («Urge for Going», «Chelsea Morning», «Both Sides, Now», «Woodstock») og så som soloartist på eiga hand.[2] Til slutt slo ho seg ned i Sør-California og spelte ei viktig rolle i folkrockrørsla som då sveipa over det musikalske landskapet. Blue var eit nakent, personleg album frå 1971, som vert rekna som eit av dei sterkaste og viktigaste albuma nokon sinne.[3] Mitchell hadde òg pophittar som «Big Yellow Taxi», «Free Man in Paris» og «Help Me», dei to siste frå bestseljaren Court and Spark frå 1974.[4]

Kontraalt-stemma til Mitchell, den særeigne harmoniske gitarstilen og pianoarrangementa hennar vart stadig meir kompliserte gjennom 1970-åra og ho vart mykje påverka av jazz, som ho blanda med pop, visesong og rock på eksperimentelle album som Hejira frå 1976. Ho arbeidde òg tett med jazzartistar som Pat Metheny, Wayne Shorter, Jaco Pastorius, Herbie Hancock, og i 1979 på eit album med Charles Mingus som kom ut etter han døydde.[5] Frå 1980-åra og framover har ikkje Mitchell vore like aktiv, men vendte seg mot pop att, og nytta synthesizerar i større grad enn tidlegare og retta politiske protestar i tekstane sine, som ofte omhandla samfunnsmessige og miljømessige tema, i tillegg til meir romantiske og kjenslemessige tema.

Arbeidet til Mitchell er høgt verdsett av både kritikarar og andre musikarar. Rolling Stone kalla henne «ein av dei største låtskrivarane nokonsinne»[6] medan Allmusic seier, «Når støvet legg seg, står kanskje Joni Mitchell att som den viktigaste kvinnelege artisten frå siste halvdel av 1900-talet.»[7] Mitchell er òg visuell kunstnar, og har laga mange av sine eigne plateomslag.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Joni Mitchell vart fødd Roberta Joan Anderson den 7. november 1943, i Fort Macleod i Alberta i Canada. Foreldra var Bill Anderson og Myrtle Anderson (née McKee). Mor hennar var lærar og faren var offiser i Royal Canadian Air Force. Under krigsåra, flytta ho med foreldra til forskjellige basar vest i Canada. Etter krigen arbeidde faren som kolonialhandlar, og arbeidet hans tok familien til Saskatchewan og byane Maidstone og North Battleford. Då ho var elleve år slo familien seg ned i Saskatoon i Saskatchewan, som Mitchell reknar som heimstaden sin.

Mor hennar hadde aner frå Skottland og Irland.[8] Far hennar var norsk. Bestemora vart fødd på garden Farestveit i Modalen i Hordaland, medan bestemora kom frå Sømna i Sør-Helgeland i Nordland.

Då ho var ni år gammal fekk Mitchell polio under ein kanadisk epidemi, men vart frisk att etter ein periode på sjukehus. Det var på denne tida ho vart interessert i song. Ho skildra den første opplevinga av song medan ho var på sjukehuset denne vinteren:

«Dei sa eg kanskje ikkje kunne kome til å gå igjen, og at eg ikkje kunne dra heim til jul. Eg gjekk ikkje med på det. Eg starta å synge julesongar og sa eg skulle synge dei verkeleg høgt ... Guten i senga ved sidan av meg pleidde å klage. Og eg skjønte at eg ikkje var flink.»[9]

Ho starta å røyke då ho var ni år, ein vane som har medverka til at stemma hennar har endra seg i nyare år (Mitchell sjølv har derimot i fleire intervju sagt at dette ikkje er sant).[10]

Som tenåring lærte Joni seg ukulele og seinare gitar. Ho starta å spele på festar og bålfestar, og ho fekk etter kvart spele på kafear og andre stader i Saskatoon. Etter ho var ferdig med high school på Aden Bowman Collegiate i Saskatoon, starta ho på Alberta College of Art and Design i Calgary, der ho var eit år. Her møtte ho ein annan songar og låtskrivar, Harry Chapin, men Mitchell forlet skulen og sa til mora: «Eg drar til Toronto for å bli visesongar».

Etter å ha forlate kunstskulen i juni 1964 forlet Mitchell heimen sin i Saskatoon og flytte til Toronto. Ho fann ut at ho var gravid med eks-kjærasten frå skulen, og i februar 1965 fekk ho ei lita jente. Eit par veker etter fødselen gifta Joni Anderon seg med visesongaren Chuck Mitchell, og tok etternamnet hans. Eit par veker seinare gav ho dottera, Kelly Dale Anderson, bort for adopsjon. Denne hendinga heldt ho for seg sjølv det meste av karrieren sin, men ho viste antydningar til hendinga i fleire songar, mellom anna i «Little Green» frå 1971. I songen «Chinese Cafe» frå Wild Things Run Fast frå 1982 syng ho «Your kids are coming up straight / My child's a stranger / I bore her / But I could not raise her».

Dotter til Mitchell, som no heiter Kilauren Gibb, starta å leite etter mora då ho var vaksen. I 1997 nemnde Gibb at ho leita etter mora til kjærasten til ein mann ho hadde vokse hopp med. Tilfeldigvis visste kvinna ein tredje person som hadde fortalt ho at han kjende Joni Mitchell frå åra då ho var gravid. Mitchell og dottera vart gjenforeint kort tid etter.[11]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1965–1969: Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1965 tok Chuck Mitchell Joni med seg til USA. Dei budde i Detroit, der Chuck og Joni spelte på kafear, baren The Alcove nær Wayne State University og restauranten Rathskelter ved universitetsområdet til University of Detroit. Oscar Brand tok ho fleire gonger med på TV-programmet Let's Sing Out i 1965 og 1966, og ho vart vist for eit større publikum. Mitchell gjekk på skule i West Virginia University ein kort periode, der ho skreiv songen «Morning Morgantown».[12] Ekteskapet til Chuck Mitchell vart oppløyst tidleg i 1967, og Joni flytta til New York City for å følgje draumen om verte musikar. Ho spelte opp og ned langs austkysten, mellom anna i Philadelphia, Boston, og Fort Bragg i North Carolina. Ho spelte ofte på kafear og viseklubbar, og hadde no byrja å skrive sin eigne songar. Ho vart kjend for dei unike songane og den innovative gitarstilen sin.

Visesongaren Tom Rush hadde møtt Mitchell i Toronto og var imponert over songane hennar. Han tok «Urge For Going» med seg til den populære visesongaren Judy Collins, men ho var ikkje interessert i songen på denne tida, så Rush spelte han inn sjølv. Countrysongaren George Hamilton IV høyrde Rush spele han og spelte inn ein countryversjon som vart ein hit. Andre artistar som spelte Mitchell-songar i dei tidlege åra var Buffy Sainte-MarieThe Circle Game»), Dave Van Ronk («Both Sides Now»), og til slutt Judy Collins («Both Sides Now», ein Topp 10-hit frå albumet hennar Wildflowers). Collins spelte òg inn «Chelsea Morning», ei innspeling som igjen gjorde det betre enn Mitchell sin eigen versjon.

Då ho spelte ein kveld i «The Gaslight South»,[13] ein klubb i Coconut Grove i Florida, kom David Crosby inn og vart brått slått av artisten. Han tok ho med seg tilbake til Los Angeles, der han introduserte henne og musikken hennar for vennene sine. Crosby overbeviste eit plateselskap om å la Mitchell få spele inn eit akustisk soloalbum utan at det vart folkrock, som prega denne tida. Dette gjorde at han vart tilskriven som produsent på plata i mars 1967, då Reprise Records gav ut debutalbumet hennar, kalla både Joni Mitchell eller Song to a Seagull.

Mitchell turnerte mykje for å fremme albumet. Turneen gjorde at det vart skapt høg forventning til det neste albumet hennar, Clouds, som kom ut i april 1969. Det inneheldt Mitchell sine eigne versjonar av somme av songane hennar som andre artistar alt hadde spelt inn, mellom anna «Chelsea Morning», «Both Sides, Now» og «Tin Angel». Omslaget til begge platene vart teikna og måla av Mitchell.

1970–1974: Stor stjerne[endre | endre wikiteksten]

Mitchell's Court and Spark tour with the LA Express March 5, 1974 Anaheim Convention Center

I mars 1970 vann Joni Mitchell den første Grammyprisen sin med Clouds for beste visesongframføring. Månaden etter kom det tredje albumet hennar ut, Ladies of the Canyon. Stilen til Mitchell, som framleis vart rettleia av produsenten Crosby, hadde alt byrja å gå utover det som normalt hadde avgrensa akustisk visesong til då, og flytta det mot pop og rock, med fleire lydspor, perkusjon og korvokal, og for første gong var mange av songane hennar komponerte på piano, som skulle verte kjennemerket til Mitchell i den mest populære tida hennar. Hennar eigen versjon av «Woodstock», saktare og mørkare enn Crosby, Stills & Nash-utgåva, vart spelt på eit Wurlitzer elektrisk piano. Albumet inneheldt òg den alt kjende songen «The Circle Game» og miljøhymnen «Big Yellow Taxi», som inneheld den no kjende linja «they paved paradise and put up a parking lot».

Ladies of the Canyon vart med ein gong ein stor hit på FM radio og selde godt gjennom sommaren og hausten, og vart til slutt den første gullplata til Mitchell (med over ein halv million selde eksemplar). Mitchell valte sjølv å stoppe turneringa det neste året og berre skrive og måle. Ho vart likevel stemd fram som den beste kvinnelege artisten for 1970 av Melody Maker, det leiande britiske popmagasinet. På albumet Mud Slide Slim and the Blue Horizon av James Taylor frå april 1971, syng Joni Mitchell korvokal i lag med Carole King på songen «You've Got A Friend». Songane ho skreiv medan ho hadde fri vart til albumet Blue, som kom ut i juni 1971. David Crosby snakka om Blue og samanlikna talentet hennar med sitt eige: «Då ho laga Blue var ho langt forbi meg og på veg mot horisonten».[14]

Blue fekk særs god kritikk og selde godt, og nådde Topp 20 på albumlista i USA i september, og 3. plass i Storbritannia. Den frodige «Carey» vart gjeven ut som singel, men musikalsk var dei andre songane på Blue eit stykke unna stilen frå Ladies of the Canyon med enklare, akustiske arrangement med fokus på stemma og kjenslene til til Mitchell («All I Want», «A Case of You»), medan andre som «Blue», «River» og «The Last Time I Saw Richard» vart sungen med pianoarrangement. Tekstane hennar vart rekna som eit inspirert høgdepunkt i den tidlege musikken hennar, med deprimerte syn på verda kring ho som motvekt til livsglade uttrykk for romantisk kjærleik (til dømes «California»). Mitchell sa seinare, «På denne tida i livet mitt hadde eg ikkje noko personleg forsvar. Eg følte meg som ein cellofanen kring ein sigarettpakke. Eg følte det som om eg ikkje hadde nokre løyndomar å skjule for verda og at eg ikkje kunne late som eg var sterk.»[9]

Mitchell valte å dra på turne att etter Blue, og ho presenterte mange nye songar som kom på det neste albumet hennar. Det femte albumet hennar, For the Roses, kom ut i oktober 1972 og for raskt oppover listene. Ho følgde opp med singelen «You Turn Me On, I'm a Radio», som nådde 25. plass på singellista i februar 1973, og dette vart den første hitsingelen hennar. Albumet var kritikarrost, men det vart noko overskugga over suksessen til Blue og det neste albumet hennar.

Court and Spark kom ut i januar 1974, og Mitchell starta her å flørte med jazz og jazz fusion og markerte starten på ein meir eksperimentell periode framover, men det var òg hennar mest besteslejande album og eit av hennar mest kritikarroste. Court and Spark nådde førsteplassen på Cashbox-lista. Albumet gjorde Joni Mitchell særs populær for kanskje den einaste gongen i karrieren hennar, med populære spor som rockelåten «Raised on Robbery», som kom ut like før jul 1973, og «Help Me», som kom ut mars året etter og vart den einaste Topp 10-plasseringa hennar med ein 7. plass. «Free Man in Paris» var ein annan hitsingel.

Frå ein konsert i 1974.

Medan ho spelte inn Court and Spark, prøvde Mitchell å bryte med den tidlegare visesong-stilen sin, og produserte albumet sjølv og nytta jazz- og popbandet L.A. Express som akkompagnement. I februar 1973 starta turneen hennar med L.A. Express og dei fekk særs god kritikk i USA og Canada dei neste to månadane. Ei rekkje konsertar i Los Angeles frå 14. til 17. august vart spelte inn for eit konsertalbum. I november kom albumet Miles of Aisles ut, ei dobbelplate med alle bortsett frå to songar frå Los Angeles-konsertane. Konsertalbumet nådde heilt opp til andreplassen. Ei konsertutgåve av «Big Yellow Taxi» vart gjeven ut som singel og selde forholdsvis bra.

I januar 1975 vart Court and Spark nominert til fire Grammyprisar, mellom anna for «årets album». Ho vann prisen for «beste instrumentale arrangement med vokal».

1975–1980: Jazzeksperimentering[endre | endre wikiteksten]

Joni Mitchell gjekk i studio våren 1975 for å spele inn nokre akustiske demoar til songar ho hadde skrive etter at Court and Spark-turneen var over. Eit par månader seinare spelte ho inn utgåver av desse songane med bandet sitt, som no inkluderte saksofonisten Wayne Shorter. Dei musikalske interessene til Mitchell flytta seg no bort frå både folk og pop mot mindre strukturert og meir jazzinspirerte stykke og med meir variert instrumentbruk. På «The Jungle Line» gjorde ho eit tidleg forsøk på sampling av afrikanske musikarar, noko som skulle bli vanleg for vestlege artistar i 1980-åra. Samstundes var «In France They Kiss on Main Street» i same gata som den svulstige popstilen på Court and Spark, og songar som tittelsongen og «Edith and the Kingpin» fortalte soger frå forstadslivet i Sør-California.

Det nye albumet kom ut i november 1975 som The Hissing of Summer Lawns. Albumet selde i starten godt og nådde fjerdeplassen på den amerikanske albumlista, men fekk blanda kritikk. Ei vanleg segn er at Rolling Stone kåra det til «Årets verste album», men det vart i røynda berre kåra til årets verste albumtittel.[15] Mitchell og Rolling Stone har alltid hatt eit anstrengt forhold etter at magasinet trykte eit «tre» som synte dei påståtte kjærleiksforholda til Mitchell, hovudsakleg med andre musikarar, noko ho har sagt «såra ho frykteleg då det skjedde».[6] I 1975 deltok Mitchell på fleire konsertar på Rolling Thunder Revue-turneen til Bob Dylan, med mellom anna Joan Baez, og i 1976 deltok ho på The Last Waltz av The Band. I januar 1976 vart Mitchell nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popvokalframføring for albumet The Hissing of Summer Lawns, men prisen gjekk til Linda Ronstadt.

Tidleg i 1976 reiste Mitchell med vener gjennom landet til Maine. Seinare køyrte ho attende til California aleine og komponere fleire songar på reisa som kom med på det neste albumet hennar, Hejira i 1976. Ho fortel, «dette albumet vart hovudsakleg skriven medan eg reiste i bilen. Det er derfor det ikkje var piano på nokre av songane...»[9] Hejira var utan tvil det meste eksperimentelle albumet hennar så langt og ho samarbeidde mykje med den legendariske jazzbassisten Jaco Pastorius på fleire songar, som singelen «Coyote», den atmosfæriske «Hejira», den desorienterte og gitartunge «Black Crow» og den siste songen på albumet, «Refuge of the Roads». Albumet nådde 13. plass på Billboardlista, og nådde gullplate etter tre veker. Albumet vart mykje spelt på FM-rockstasjonar. «Coyote», med «Blue Motel Room» som B-side, nådde likevel ikkje Topp 100 på singellista. Albumet vart varmt motteke av både tilhengjarar og kritikarar. Hejira selde derimot ikkje like godt som dei tidlegare meir «radiovenlege» albuma hennar.[16] Mitchell meiner sjølv albumet er unikt. I 2006 sa ho, «eg går ut frå at mange folk kunne ha skrive mange av dei andre songane mine, men eg føler at songane på Hejira berre kunne ha kome frå meg».[16]

Sommaren 1977 starta Mitchell på nye innspelingar til det som skulle bli det første doble studioalbumet hennar. Ho var nær ferdig med kontrakten sin med Asylum Records og ho følte at dette albumet kunne ha ei lausare kjensle enn albuma ho hadde spelt inn tidlegare. Don Juan's Reckless Daughter kom ut i desember 1977. Albumet fekk blanda kritikk, men selde relativt bra og nådde 25. plass i USA og selde til gullplate etter tre månader. Plateomslaget var kontroversielt. Det var fleire bilete av Mitchell på albumet, mellom anna eitt der ho var utkledd som ein svart mann (ein referanse til ein av songane på albumet). Lagvise, atmosfæriske komposisjonar som «Overture / Cotton Avenue» var samarbeid med Pastorius, medan «Paprika Plains» var ein 16 minuttar lang episk song som strekte grensene for popmusikk, og som retta seg mot barndomsminna til Joni frå Canada og studia hennar av klassisk musikk.«Dreamland» og «The Tenth World», med Chaka Khan på korvokal, var perkusjonsdominerte songar. Andre songar opprettheldt blandinga mellom jazz, rock og folk frå Hejira. Mitchell spelte òg inn «Jericho» på ny, skriven fleire år tidlegare, men aldri spelt inn i studio (det finst ei konsertutgåve frå 1974).

Eit par månader etter Don Juan's Reckless Daughter kom ut, vart Mitchell kontakta av jazzlegenda Charles Mingus, som hadde høyrt den orkestrerte songen «Paprika Plains», og ønskte å samarbeide med ho. Mitchell starta eit samarbeid med Mingus, som døydde før prosjektet var ferdig i 1979. Ho gjorde ferdig songane (dei fleste var hennar eigne Mingus-inspirerte songar, sjølv om «Goodbye Pork Pie Hat» er ein Mingus-instrumental med tekst av Joni) og albumet Mingus, kom ut i juni 1979, men fekk dårleg kritikk i pressa. Tilhengjarane var forvirra over den brå stilendringa til Mitchell, og sjølv om det nådde 17. plass på albumlista, ei høgare plassering enn Don Juan's Reckless Daughter nådde -- selde ikkje Mingus til gullplate, og vart det første albumet hennar sidan 1960-åra som ikkje selde minst ein halv million eksemplar.

Mitchell turnerte sommaren med albumet Mingus frå august 1979 og seks veker framover. Turneen vart avslutta med fem konsertar i Greek Theater i Los Angeles, som vart spelte inn og filma. Det var den første turneen hennar på fleire år og med Pastorius, jazzgitaristen Pat Metheny og fleire medlemmer frå bandet hennar, spelte Mitchell òg andre songar frå dei jazzinspirerte albuma hennar. Då turneen var over starta ho eit års arbeid med lydbanda frå konsertane som vart sett saman til eit dobbeltalbum og ein konsertfilm, begge kalla Shadows and Light. Den siste plata hennar på Asylum Records og det andre doble konsertalbumet hennar, kom ut i september 1980, og nådde 38. plass på Billboardlista. Ein singel frå albumet, «Why Do Fools Fall in Love?», ein duett med The Persuasions (oppvarmingsbandet hennar på turneen), nådde akkurat ikkje Topp 100.

1981–1993: Geffen og eit tiår utan dei store hittane[endre | endre wikiteksten]

Mitchell nytta eit og eit halvt år på det neste albumet sitt. I denne perioden spelte Mitchell inn med bassisten Larry Klein, som ho til slutt gifta seg med i 1982. Medan albumet var klar for utgjeving, starta venen hennar David Geffen, som grunnla Asylum Records, eit nytt plateselskap, Geffen Records. Ho var framleis distribuert av Warner Bros., (som kontrollerte Asylum Records), og Geffen klarte å avslutte kontrakten hennar med Asylum og signerte ho til det nye selskapet. Wild Things Run Fast frå 1982 markerte ein tilbakekomst til poplåtar med mellom anna «Chinese Cafe/Unchained Melody», som hadde med refrenget og delar av melodien til den kjende Righteous Brothers-hitten, og «(You're So Square) Baby I Don't Care», ei nyinnspeling av ein Elvis Presley-standard, nådde høgare på singellistene enn nokon Mitchell-singel sidan stordomsperioden hennar i 1970-åra med ein 47. plass. Albumet nådde 25. plass.

I 1983 la Mitchell ut på ein verdsturne og vitja Japan, Australia, Irland, Storbritannia, Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, Skandinavia og USA. Ein konsert vart filma og seinare gjeven ut på heimevideo (og seinare DVD) som Refuge Of The Roads. Mot slutten av 1984 skreiv Mitchell nye songar då ho fekk eit forslag frå Geffen om at kanskje ein ekstern produsent med erfaring i moderne innspelingsteknikkar kunne vere verdt eit forsøk. Den britiske synth-pop-artisten og produsenten Thomas Dolby vart teken inn i studio. Mitchell kommenterte seinare rolla til Dolby, «eg var motvillig då Thomas vart foreslått, fordi han hadde blitt beden om å produsere albumet [av Geffen], og ville han kome inn som programmerar og musikar? Så på det nivået hadde me enkelte problem... Han kan kanskje gjere det raskare. Han kan kanskje gjere det betre, men det vil i røynda eigentleg ikkje vere musikk.»

Albumet vart Dog Eat Dog og kom ut i oktober 1985. Det fekk stort sett negativ kritikk og selde berre moderat med ein 63. plass på Billboardlista, den lågaste plasseringa til Mitchell sidan debutalbumet nesten 18 år tidlegare. Ein av songane på albumet, «Tax Free», skapte kontroversar med å skjelle ut «televangelistar» og at ho rekna amerikansk politikk til å la seg styre av religiøse rettar. «Kyrkjene kom etter meg», skreiv ho, «dei gjekk til åtak på meg, sjølv om den episkopale kyrkja, som eg skildra som den einaste kyrkja i Amerika som faktisk nyttar hovudet sitt, skreiv med eit gratulasjonsbrev»[17]

Mitchell heldt fram å eksperimentere med synthesizerar, trommemaskinar og sekvensar og for det enste albumet, Chalk Mark in a Rain Storm i 1988. Ho samarbeidde òg med artistar som Willie Nelson, Billy Idol, Wendy & Lisa, Tom Petty, Don Henley og Peter Gabriel. Den første singelen frå albumet, «My Secret Place», var ein duett med Gabriel, og nådde berre så vidt ikkje Topp 100. Songen «Lakota» var ein av mange songar på albumet som omhandla større politiske tema, i dette tilfellet den dødelege kampen mellom indianske aktivistar og FBI i Lakota Sioux-reservatet tiåret før. Musikalsk passa fleire av songane inn i verdsmusikkstilen som Gabriel populariserte på denne tida. Kritikarane var stort sett positive, og dei mange kjende musikarane som deltok på albumet gav det mykje merksemd. Chalk Mark nådde til slutt 45. plass på albumlista.

Etter albumet kom ut, deltok Mitchell, som sjeldan gav konsertar lenger, på Roger Waters sin The Wall Concert in Berlin i 1990. Ho framførte songen «Goodbye Blue Sky», og var ein av artistane som song på avslutningssongen «The Tide Is Turning» i lag med Waters, Cyndi Lauper, Bryan Adams, Van Morrison og Paul Carrack.

I starten av 1990 spelte Mitchell inn songar for det neste albumet. Ho leverte dei ferdige miksane til Geffen like før jul etter å ha prøvd fleire hundre forskjellige rekkefølgjer for songane. Albumet Night Ride Home kom ut i mars 1991. I USA nådde albumet 41. plass og i Storbritannia 25. plass. Kritikarane gav det betre mottaking enn nokon av albuma hennar i 1980-åra og det førte ho nærare til den akustiske stilen ho hadde i starten, samt nokre referansar til Hejira.

1994–2001: Tilbakekomsten[endre | endre wikiteksten]

For det breiare publikumet, kom Mitchell tilbake til gammal form med Turbulent Indigo frå 1994, som ho vann Grammypris for. Under innspelinga av albumet skilde Mitchell seg frå bassisten Larry Klein etter 12 år, men Indigo vart sett på som Mitchell sitt mest tilgjengelege album på mange år. Songar som «Sex Kills», «Sunny Sunday», «Borderline» og «The Magdalene Laundries» blanda samfunnskommentarar og gitarfokuserete melodiar for «eit overraskande comeback».[18] Albumet vann ho to Grammy-prisar, mellom anna for beste popalbum, og gjorde Mitchell interessant for ein yngre generasjon visesongarar.

I 1996 gav Mitchell ut samlealbumet Hits, medan Reprise gav ut Misses med mindre kjende songar frå karrieren hennar. Hits nådde 161. plass i USA, men 6. plass i Storbritannia.

To år seinare gav Mitchell ut den siste samlinga av «originale» nye songar før ho tok til med andre ting dei neste ti åra. Albumet heitte Taming the Tiger og kom ut i 1998. Ho promoterte Tiger med å dra ut på turne igjen, mellom anna i lag med Bob Dylan og Van Morrison. På albumet spelte Mitchell ein «gitarsynthesizer» på dei fleste songane, og for turneen tilpassa ho mange av dei gamle songane sine for dette instrumentet, og måtte visstnok lære alle dei kompliserte stemmingane sine på ny att.

Det var på denne tida at kritikarane starta å merke ei endring i stemma til Mitchell, særleg på dei eldre songane hennar. Sjølv innrømde ho at ho merka dette sjølv og forklarte at «eg prøvde å nå ein tone, men det var ingenting der.»[19] Røyking har stundom fått skulda for det meir avgrensa registeret hennar og den meir rustne stemma (ho har vorte skildra som «ein av dei siste storrøykarane i verda»), men Mitchell meinte sjølv at endringane i stemma vart merkbar på 1990-talet på grunn av andre problem, mellom anna knutar på stemmebanda, tett strupehovud og langvarige effektar av polio.[19] I eit intervju i 2004 nekta ho for at røykevanen hennar hadde noko med stemmeendringa å gjere, og peikte på at mange songarar mistar det øvste registeret sitt når dei passerer femti. I tillegg meinte ho at stemma hennar vart meir interessant og uttrykksfull når ho no ikkje lenger kunne når dei høge tonane.[20]

Dei to neste albuma til Mitchell inneheldt ikkje nye songar, og Mitchell sa at dei vart spelte inn for å oppfylle platekontrakten,[18] men på begge albuma nytta ho den nye vokalstilen sin. Both Sides, Now (2000) var eit album som hovudsakleg bestod av andre sine jazzstandardar, framført med orkester og orkesterarrangement av Vince Mendoza. Albumet inneheldt òg ei nyinnspeling av «A Case of You» og tittelsporet «Both Sides Now». Det fekk stort sett god kritikk og ho la ut på ein kort turne i USA der ho spelte i lag med eit band med Larry Klein på bass samt eit lokalt orkester på kvar stad. Suksessen til albumet førte til Travelogue i 2002, ei samling av nyinnspelingar av hennar tidlegare songar med svulstig orkesterarrangement.

2002–2005: Tilbaketrekking[endre | endre wikiteksten]

Mitchell sa på denne tida at dette skulle bli hennar siste album. I eit intervju med Rolling Stone i 2002 uttalte ho at ho var misnøgd med den noverande tilstanden til musikkindustrien og skildra han som ein «kloakkum».[6] Mitchell uttrykte at ho mislikte dominansen til musikkindustrien og hennar ønske om å kontrollere sin eigen lagnad, kanskje gjennom å gje ut sin eigen musikk over Internett.

I løpet av dei neste få åra var dei einaste Mitchell-albuma som kom ut samlealbum av hennar tidlegare songar. I 2003 kom Geffen-innspelingane hennar ut i ein nymastra boks på fire plater, The Complete Geffen Recordings, med merknader frå Mitchell og somme tidlegare ikkje utgjevne songar. Ei rekkje tematiske samlingar av songar frå tidlegare album kom òg ut: The Beginning of Survival (2004), Dreamland (2004) og Songs of a Prairie Girl (2005), den siste med oppveksten i Canada som ein raud tråd som ho gav ut etter å ha blitt invitert til Saskatchewan Centennial-konserten i Saskatoon. Konserten, som var ein hyllest til Mitchell, hadde mellom anna dronning Elizabeth II av Storbritannia i publikum. I omslaget til Prairie Girl, skriv ho at samlinga er «min hyllest til Saskatchewan's Centennial-feiringane».

Tidleg i 1990-åra signerte Mitchell ein avtale med Random House om ein sjølvbiografi.[21] I 1998 fortalte ho The New York Times at memoarane hennar «vart utarbeidd», og at dei skule kome ut i så mykje som fire bind, og at den første linja skulle bli «Eg var den einaste svarte mannen på festen».[22] I 2005 sa Mitchell at ho nytta ein bandopptakar til å få ned memoarane sine.[23]

Tidleg i 2000-åra arbeidde Joni Mitchell med den internasjonalt anerkjende artisten Gilles Hebert. Joni vitja Mendel Art Gallery i Saskatoon, der ho og Giles laga boka 'Voices'. Boka fekk internasjonal merksemd og gjorde både ho og Gilles Hebert ytterlegare kjende.

Sjølv om Mitchell sa at ho ikkje lenger skulle turnere eller halde konsertar, dukka ho stundom opp i ålmenta og talte om miljøsaker.[24] Mitchell delte tida hennar mellom heimen sin i Los Angeles, og eigedomen i Sechelt i British Columbia som ho hadde eigd sidan tidleg i 1970-åra. «L.A. er arbeidsplassen min», sa ho i 2006, «B.C. er hjarteslaget mitt.»[25] I følgje intervju fokuserer ho i dag hovudsakleg på visuell kunst, som ho ikkje sel og berre sjeldan syner fram.[26]

2006–til i dag: Suksessfullt comeback[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju i oktober 2006 med The Ottawa Citizen avslørte Mitchell at ho spelte inn dei første nye songane sine på nesten ti år, men gav elles få detaljar.[16] Fire månader seinare i eit intervju med The New York Times, sa Mitchell at det komande albumet Shine, var inspirert av krigen i Irak og noko barnebarnet hennar hadde sagt under ein familekrangel «Bad dreams are good—in the great plan».[27]

I februar 2007 reiste Mitchell attende til Calgary der ho var rådgjevar for Alberta Ballet Company-premieren av «The Fiddle and the Drum», din dans koreografert til både nye og gamle songar. Mitchell filma òg delar av øvingane for ein dokumentar ho arbeidde på.

Det nye albumet Shine kom ut 25. september 2007 og gjekk inn på 14. plass på Billboardlista, den høgaste plasseringa hennar i USA sidan Hejira i 1976, over tretti år tidlegare.

Same dag gav Herbie Hancock, ein god ven av Mitchell, ut River: The Joni Letters, eit album som var ein hyllest til musikken til Mitchell. Av artistar på albumet finn ein Norah Jones, Tina Turner, Leonard Cohen og Mitchell sjølv, som medverka med vokal på ei nyinnspeling av «The Tea Leaf Prophecy (Lay Down Your Arms)» (opphavleg på albumet Chalk Mark in a Rain Storm).[28] I 20078 vann Hancock Grammyprisen for årets album med dette albumet. Det var første gong på 43 år at ein jazzartist vann den gjeve prisen. I takketalen takka Hancock Mitchell samt Miles Davis og John Coltrane. Mitchell sjølv vann Grammyprisen for beste instrumentale popsong med opningssporet frå Shine, «One Week Last Summer».

Den 12. februar 2010 vart «Both Sides, Now» framført på opningsseremonien til Vinter-OL 2010 i Vancouver.

Mitchell vert for tida behandla for ein kontroversiell tilstand kalla «Morgellons-syndrom».[29] Mitchell snakka med LA Times i april 2010 om sjukdomen og sa «eg har denne merkelege, ulækjelege sjukdomen som ser ut til å kome frå det ytre rommet, men helsa mi er betre enn ho har vore på ei stund.» Ho skildra Morgellons som «ein langsam, uføreseieleg mordar», men sa at ho var villig til å kjempe mot sjukdommen. Mitchell sa at ho planla å forlete musikkindustrien for å arbeide mot å gje folk diagnostisert med Morgellons meir truverd.[30]

Musikalsk arv[endre | endre wikiteksten]

Unik gitarstil[endre | endre wikiteksten]

Somme av dei mest populære Mitchell-songane vart skriven på piano, men nesten alle songane ho skreiv for gitar nyttar ei open eller uvanleg stemming; ho har skrive songar i kring 50 forskjellige stemmingar, som ho har kalla «dei rare akkordane til Joni». Bruken av alternative stemmingar gjer at gitaristar kan skape akkompagnement med meir varierte og omfattande tekstur. Bruken av alternative stemmingar og den rytmiske plukke-/klimprestilen skapar ein rik og unik gitarstil. Plukke- og klimpreteknikken hennar med høgrehanda har utvikla seg gjennom åra frå ein intrikat plukkestil, som ein finn på gitarsongane på dei første albumet, til ein lausare og meir rytmisk stil, stundom med perkusjonsaktige «slag», som ein finn på dei seinare albuma hennar.

I 1995 utvikla ein ven av Mitchell, Fred Walecki, innehavar av Westwood Music i Los Angeles, ei løysing som gjorde at ho kunne nytte dei forskjellige stemmingane på konsertar. Walecki utvikla ein Stratocaster-liknande gitar som fungerte i lag med ein Roland VG-8 (virtuell gitar), eit system som lagra dei mange stemmingane hennar elektronisk. Medan sjølve gitaren vart verande i standard stemming, omsette VG-8 signala til digitale signal, som så vart omgjort til den alternative stemminga. Dermed kunne Mitchell nytte ein gitar på scenen, medan ein teknikar gjorde klar den førprogrammerte stemminga for kvar song song i settet.[31]

Mitchell var òg særs nyskapande harmonisk i dei tidlege åra (1966–72) og nyttar teknikkar som modalitet, kromatisisme og orgelpunkt.[32]

I 2003 kåra Rolling Stone ho til den 72. beste gitaristen nokon sinne og vart med det den høgast rangerte kvinna på lista.[33]

Påverknad på andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Mitchell sine songar har påverka artistar så forskjellige som Led Zeppelin, Nancy Wilson (Heart) , Sonic Youth, Morrissey, Prince, Chaka Khan, Alanis Morissette, Björk, Counting Crows, Stevie Nicks, Kate Bush, Jeff Buckley, Elvis Costello, Dan Fogelberg, Janet Jackson, Maynard James Keenan (Tool), Cyndi Lauper, Annie Lennox, k.d. lang, Madonna, Frank Turner, Cassandra Wilson, Chan Marshall (Cat Power), George Michael, Marillion,[34] Juice Newton, Conor Oberst, The Roots, Roxette, The Sundays, Clannad, Shawn Colvin, Anita Baker, Fiona Apple, Holly Brook, KT Tunstall, Seal, Tori Amos, Keith Green, Spank Rock, Schuyler Fisk, Kate Voegele, Regina Spektor, Me'Shell Ndegeocello, Keith Jarrett, Slash, Laura Marling, Keri Noble og Sarah Dawn Finer.

Til dømes er Prince-songen «The Ballad of Dorothy Parker» på albumet Sign 'O' the Times (1987), ein hyllest til Mitchell, både gjennom Mitchell-liknande harmoniar og ved å bruke Mitchell sine eigne teknikkar.

Madonna har omtalt Mitchell som ein av dei første kvinnelege artistane som verkeleg talte til ho som tenåring; «Eg var verkeleg ein stor Joni Mitchell-tilhengjar. Eg kunne all teksten på Court and Spark; eg forguda ho då eg gjekk på vidaregåande. Blue er fantastisk. Eg må sei at av alle kvinner eg har høyrt, har ho at den største innverknaden på meg frå eit tekstmessig synspunkt.»[35]

Steve Hogarth, Steve Rothery og Mark Kelly frå Marillion har alle omtalt Mitchell som favorittartisten deira.[34]

Mange artistar har hatt suksess med å spele inn Mitchell sine songar. Judy Collins si innspeling i 1967 av «Both Sides Now» nådde 8. plass på Billboardlista og var eit gjennombrot for begge artistane. Mitchell si eiga utgåve kom først ut to år seinare på det andre albumet hennar, Clouds). Dette er den mest innspelte Mitchell-songen så lang med minst 587 versjonar. Pågruppa Neighborhood i 1970 og Amy Grant i 1995 fekk begge hittar med «Big Yellow Taxi», den nest mest innspelte songen hennar (med minst 223 innspelingar). Andre artistar som har spelt denne songen er Counting Crows i 2002 og Nena i 2007. Janet Jackson nytta eit utdrag frå refrenget som tema i hitsingelen hennar «Got 'Til It's Gone» i 1997, der rapperen Q-Tip seier «Joni Mitchell never lies.» («Joni Mitchell lyg aldri»). Rapparane Kanye West og Mac Dre har òg sampla vokale til Mitchell i musikken sin. I tillegg har Annie Lennox spelt inn «Ladies Of The Canyon» og Mandy Moore «Help Me» i 2003. I 2004 spelte George Michael songen «Edith And The Kingpin» for eit radioprogram. «River» er ein av dei mest innspelte songane hennar i nyare år med versjonar av Dianne Reeves (1999), James Taylor (2000o g 2004), Allison Crowe (2004), Rachael Yamagata (2004), Aimee Mann (2005) og Sarah McLachlan (2006). McLachlan spelte òg inn ei utgåve av «Blue» i 1996, ein song Cat Power òg spelte i 2008. Andre Mitchell-innspelingar er den kjende «Woodstock» av både Crosby, Stills, Nash and Young og Matthews Southern Comfort, «This Flight Tonight» av Nazareth, og «A Case of You» av Tori Amos, Michelle Branch, Jane Monheit, Prince og Diana Krall.

Fleire songar omtalar Joni Mitchell. Songen «Our House» av Graham Nash syner til det korte forholdet Nash hadde til Mitchell då Crosby, Stills Nash and Young spelte inn albumet Déjà Vu. Led Zeppelin sin «Going to California» vart sagt å vere skriven om kjærleiken Robert Plant og Jimmy Page hadde for Mitchell, noko som ser ut til å kome av at Plant på konsertar ofte syng «Joni» etter linja «To find a queen without a king, they say she plays guitar and cries and sings.» Sonic Youth-songen «Hey Joni» frå albumet Daydream Nation er kalla opp etter Mitchell. Alanis Morissette nemner Joni i ein av songane hennar, «Your House». Den britiske visesongaren Frank Turner nemner Joni i songen «Sunshine State».

Prisar og ærevisingar[endre | endre wikiteksten]

Joni Mitchell si sterjen på Canada's Walk of Fame.

I 1995 fekk Mitchell Billboard sin Century Award. I 1996 vart ho nominert til Polar Music Prize. I 1997 vart Mitchell innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, men møtte ikkje fram på seremonien.

Ho har vunne ni Grammyprisar gjennom karrieren, den første i 1969 og den siste i 2008. Ho fekk Grammy sin ærespris i 2002 der ho vart skildra som «ein av dei viktigaste kvinnelege artistane i rockehistoria» og «ein stor påverknad på alle artistar som står for mangfald, fantasi og integritet.»[36]

TNT presenterte ein hyllest til Mitchell i Hammerstein Ballroom i New York City den 6. april 2000. Mange artistar spelte songane til Mitchell, som James Taylor, Elton John, Wynonna Judd, Bryan Adams, Cyndi Lauper, Diana Krall og Richard Thompson. Mitchell sjølv avslutta kvelden med ei utgåve av «Both Sides Now» med eit 70 mann stort orkester. Denne versjonen finst på filmmusikken til filmen Love Actually.

Heimlandet Canada har sett på Mitchell som ein nasjonalskatt og har gjeve ho mange ærestitlar. Ho vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 1981 og fekk ei stjerne på Canada's Walk of Fame i 2000.[37] I 2002 vart ho ho kåra til den tredje mest populære kanadiske visesongaren etter Gordon Lightfoot og Leonard Cohen, og ho vart utpeikt til Companion of the Order of Canada, den høgaste sivile ærevisinga ein kan få i Canada. Ho vart æresdoktor i musikk ved McGill University i 2004. I januar 2007 vart ho innlemma i Canadian Songwriters Hall of Fame. I juni 2007 vart Mitchell avbileta på eit kanadisk frimerke.[38]

I november 2006 vart albumet Blue av Time kåra til eit av dei 100 beste albuma gjennom tidene.[39]

I 1999 vart Mitchell kåra til den 5. største kvinna i rock'n'roll av VH1, og same kanal kåra ho i 2010 til den 44. største artisten gjennom tidene.

Grammyprisar[endre | endre wikiteksten]

År Kategori Verk Resultat
1969 Beste viseframføring Clouds Vann
1974 Årets album Court and Spark Nominert
1974 Årets singel «Help Me» Nominer
1974 Kvinneleg popvokalist Court and Spark Nominert
1974 Beste arrangement korvokal «Down To You» Vann
1976 Kvinneleg popvokalist The Hissing of Summer Lawns Nominert
1977 Beste plateomslag Hejira Nominert
1988 Kvinneleg popvokalist Chalk Mark in a Rain Storm Nominert
1995 Beste popalbum Turbulent Indigo Vann
1995 Beste plateomslag Turbulent Indigo Vann
2000 Beste kvinneleg popvokalframføring Both Sides, Now Nominert
2000 Beste tradisjonelle popvokalalbum Both Sides, Now Vann
2002 Ærespris - Vann
2003 Beste instrumentalarrangement for akkompagnement for vokal «Woodstock» (Travelogue) Vann
2007 Årets album River: The Joni Letters Vann *
2007 Beste instrumentale popframføring «One Week Last Summer» Vann

- * Offisielt ei Herbie Hancock-plate, men Joni fekk grammyprisen for medverknad til albumet

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. JoniMitchell.com - Biography
  2. The Independent, August 10, 2007
  3. The Rolling Stone 500 Greatest Albums of All Time (Blue er plassert på 30. plass)
  4. Ankeny, Jason. All Music Guide
  5. Mitchell, Joni (Roberta Joan Anderson) på Encyclopedia of Jazz Musicians
  6. 6,0 6,1 6,2 Wild, David (October 31, 2002). «Joni Mitchell» (reprint). Rolling Stone. Arkivert frå originalen den September 27, 2007. 
  7. allmusic - Joni Mitchell > Biography
  8. Irish Times Magazine, s. 14, 19. juli 2008
  9. 9,0 9,1 9,2 Crowe, Cameron (26. juli 1979). «Joni Mitchell» (reprint). Rolling Stone. 
  10. McCormick, Neil (4. oktober 2007). «Joni Mitchell: still smoking». The Daily Telegraph (London). 
  11. Johnson, Brian D (21. april 1997). «Joni Mitchell's Secret». Maclean's. 
  12. http://www.courierpostonline.com/blogs/2005/07/columbus-ohio.html
  13. JoniMitchell.com/JMDL Library: A Conversation with David Crosby: JoniMitchell.com, March 15, 1997
  14. (2008). A 65th Birthday Tribute to Joni Mitchell. Henta 24. desember 2010, frå http://online.wsj.com/article/SB122575310809894821.html
  15. Morrissey (6. mars 1997). «Melancholy Meets the Infinite Sadness» (reprint). Rolling Stone. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Fischer, Doug (8. oktober 2006). «The trouble she's seen: Doug Fischer talks to Joni Mitchell about her seminal album, Hejira». The Ottawa Citizen. 
  17. Irish Times Magazine, s. 14, 19. juli 2008
  18. 18,0 18,1 Gill, Alexandra (17. februar 2007). «Joni Mitchell in person» (reprint). Toronto Globe and Mail. Arkivert frå originalen den September 27, 2007. 
  19. 19,0 19,1 Eggar, Robin (11. februar 2007). «The Renaissance Woman» (reprint). Sunday Times. Arkivert frå originalen den September 27, 2007. 
  20. National Public Radio.
  21. Dickinson, Chrissie. "Court and No Spark" (book review, reprint), The Washington Post, 15. juni 2005. Henta 18. juni 2011.
  22. Strauss, Neil. "The Hissing of a Living Legend", The New York Times, 4. oktober 1998. Henta 18. januar 2011.
  23. Brown, Ethan. "Influences: Joni Mitchell", New York, 9. mai 2005. Henta 18. januar 2011.
  24. Joni Mitchell Audio
  25. JoniMitchell.com/JMDL Library: Joni Mitchell's Fighting Words: Ottawa Citizen, 7. oktober 2006
  26. JoniMitchell.com - Contact Us
  27. Yaffe, David (4. februar 2007). «DANCE: Working Three Shifts, And Outrage Overtime». The New York Times. 
  28. Herbie Hancock News: Herbie Hancock's "River: The Joni Letters" Set For Release on September 25
  29. Joni Mitchell Hopes To Spread 'Fiddle', February 20, 2009
  30. «It's a Joni Mitchell concert, sans Joni». The Los Angeles Times. 
  31. JMDL LIBRARY: The guitar odyssey of Joni Mitchell: My Secret Place: Acoustic Guitar, August 1996
  32. "Harmonic Palette in Early Joni Mitchell", p. 173. Author(s): Lloyd Whitesell. Source: Popular Music, Vol. 21, No. 2, (May, 2002), pp. 173–93. Published by: Cambridge University Press.
  33. The 100 Greatest Guitarists of All Time : Rolling Stone
  34. 34,0 34,1 «Marillion website». http://www.marillion.com/band/top10.htm. 
  35. Hirshey, Gerri (13. november 1997). «The Women In Rock Interviews». Rolling Stone. 
  36. http://www.sonyatv.com/en-it/index.php/articles/artist_writer/18
  37. Canada's Walk of Fame
  38. Stamps honour iconic Canadian music stars
  39. Tyrangiel, Josh (November 13, 2006). «The All-TIME 100 Albums: Blue». Time. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Joni Mitchell