Jonida Maliqi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonida Maliqi
Albania - Jonida Maliqi at Grand Final dress rehearsals - EuroVisionary (cropped).jpg
Fødd26. mars 1983 (39 år)
FødestadTirana
OpphavAlbania
Aktiv1995–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Jonida Maliqi (fødd 26. mars 1983) er ein albansk songar, tv-programleiar og forretningskvinne. Maliqi vann musikktevlinga Kënga Magjike i 2008 med låten «Njëri nga ata». Ho enda òg på tredjeplass i musikktevlinga Festivali i Këngës i 2003 med låten «Frikëm se më pëlqen». Ho var jurymedlem under den femte sesongen av The Voice of Albania i 2016. I desember 2018 vann Maliqi Festivali i Këngës, som òg var den albanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2019, med låten «Ktheju tokës», og fekk dimed representere Albania i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i Israel i mai 2019.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som 13-åring hadde Maliqi sin første store opptreden, då ho deltok i musikktevlinga Festivali i Këngës i Tirana. Ho deltok saman med Aleksandër Rrapi og songen «Planeti i fëmijëve». I 1997 deltok ho igjen, denne gongen saman med Kastriot Tusha. Sidan har Maliqi delteke fleire gonger i tevlinga, blant anna i 2004, 2006 og 2007. Ho var òg programleiar for same konkurranse i 2010.

I 2008 deltok Maliqi i, og vann, musikktevlinga Kënga Magjike[2] med låten «Njëri nga ata».

I 2011 gav Maliqi ut singelen «Fantastik» og stilte på ny opp i Kënga Magjike, denne gongen med låten «Thesar pa emër».[3]

Sommaren 2013 gav ho ut låten «Sonte» ('i kveld') saman med rapparane Blunt & Real, og same haust deltok ho i Kënga Magjike med balladen «Ti». I 2015 gav Maliqi ut singelen «Jam bere si ti», skriven av Flori Mumajesi. I 2018 slapp ho singelen «N'errësirë» som var skriven av Olti Curri. I oktober 2018 kunngjorde den albanske kringkastaren RTSH at Maliqi skulle gjera comeback i Festivali i Këngës etter elleve års fråvær. I tevlinga framførte Maliqi bidraget «Ktheju tokës» ('vend attende til landet') som er skriven av Eriona Rushiti og som handlar om den albanske migrasjonen.[4][5] Ho tok seg til finalen og vart 22. desember 2018 kåra til vinnar av tevlinga.[1]

I januar 2019 vart Albania trekt til å deltake i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Albania hadde startnummer 14.[6] I avrøystinga vart «Ktheju tokës» blant dei ti beste i semifinalen, og Maliqi kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[7] I finalen vart songen nummer 17 av 26 deltakarar.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Nuk të pres

Singlar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1995 – «Planeti i fëmijëve» (med Aleksandër Rrapi)
  • 2000 – «Çast»
  • 2001 – «Ik»
  • 2002 – «Do humbas më ty»
  • 2003 – «Vetëm një natë»
  • 2004 – «Frikem se me pëlqen»
  • 2005 – «Força e femrës» (med Tuna)
  • 2006 – «Pa identitet»
  • 2007 – «S'ka fajtor në dashuri»
  • 2008 – «Njëri nga ata»
  • 2011 – «Një orë më shumë»
  • 2011 – «Fantastik»
  • 2013 – «Sonte» (med DJ Blunt & Real)
  • 2015 – «Jam bërë si ti»
  • 2018 – «N'errësirë»
  • 2018 – «Ktheju tokës»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Albania: Jonida Maliqi wins Festivali i Këngës 57 with “Ktheju tokes”» (på engelsk). Wiwibloggs. 22. desember 2018. 
  2. Kënga Magjike 2008s offisielle nettsted, arkivert frå originalen 2012-02-09, henta 16. november 2021 
  3. Kënga Magjike 2011-nettsted, arkivert frå originalen 2012-02-09, henta 16. november 2021 
  4. «Shpallet lista me këngët konkuruese në Festivalin e 57-të të Këngës në RTSH» (på albansk). RTSH. 17. oktober 2018.  Arkivert 2020-10-18 ved Wayback Machine.
  5. «Albania: Festivali i Këngës 57 reveals 22 acts and song titles ahead of December 22 final» (på engelsk). Wiwibloggs. 17. oktober 2018. 
  6. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019. 
  7. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  8. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.