Jonny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jonny er eit personnamn som kan brukast av begge kjønn, ofte opphavleg avleidd av Johannes.

Mannsnamnet Jonny er ei norsk form av Johnny, som er ei kjæleform av John, ei engelsk form av Johannes. Namnet kan ha ei rekke skrivemåtar, som Johnny, Johnnie, Jóni, Joni, Johnie, Jonni og Johny.

Kvinnenamnet Jonny er ei form av Jonna, ei kvinneleg form av Jon, som også kan koma frå Johannes. Andre skrivemåtar for dette namnet er Johnny, Johnnie, Joni og Jonni.

Jonny har namnedag den 26. juni.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Johnny Cash

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Johnny B. Goode er ein kjend rock'n roll song som har vorte spelt av mange artistar.
  • Jonny Vang er ein norsk prisvinnande film frå 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]