Jonsereds Fabrikers AB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jonsereds)
Jonsered CS 2260 WH.

Jonsereds Fabrikers AB er eit svensk føretak som held til i Jonsered i Västra Götalands län. Føretaket tok til som eit partnarskap, for så å halda fram som eit familieføretak og deretter som eit aksjeselskap. Det vart så kjøpt opp av Electrolux, og deretter splitta opp og seld til fleire ulike føretak.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Jonsereds Fabrikers AB vart stifta på 1830-talet, av skotten William Gibson, som saman med svogeren sin, ingeniøren Alexander Keiller, dreiv eit spinneri i Göteborg. Dei var på utkik etter ein stad å bygga ein ny segldukfabrikk og til det trong dei ei elv med nok vassføring til å driva fabrikken. I 1832 kjøpte dei Jonsereds Säteri ved Säveån og grov ein kanal frå vatnet Aspen till Säveån. I 1833 byrja dei bygginga av fabrikken, som fungerte som spinneri, støyperi, mekanisk verkstad og segldukfabrikk. I 1939 trekte Keiller seg ut av føretaket og Gibson heldt fram åleine. I 1848 fekk føretaket namnet William «Gibson & Söner». Då William Gibsons døydde i 1857 tok den eldste son hans, som òg heitte William, over drifta og føretaket gjord om til aksjeselskap, under namnet «Jonsereds Fabrikers AB». Dei fyrste åra vart elva nytta for transport til og frå fabrikken, men i 1956 vart det opna ein jarnbane mellom Göteborg og Jonsered.

Føretaket tok etter kvart til å produsera mange ulike produkt: støypegods, flatjarn, plogar, utstyr for gassverk, brannslangar, kaffikverner, handdukar, osb. På 1850-talet vart produksjonen utvida til verktøymaskinar, og i 1962 vann dei ein pris i London for maskinane sine. På 1950-taket tok dei òg til med produksjon av tømmerkraner og motorsager.

I 1979 vart Jonsereds oppkjøpt av Electrolux, som hadde kjøpt Husqvarna og Partner året før. I 2006 vart Husqvarna skild ut som eige føretak, og motorsagproduksjonen vart overført dit. Jonsereds er i dag ein del av Nordic Shelter Solutions (NSS Sverige AB), under varemerket «Hallbyggarna-Jonsereds», som driv med sal av presenningar og lagerhallar. Hiab produserer tømmerkranar under varemerket Jonsereds.

Motorsager[endre | endre wikiteksten]

Jonsered 621 (produsert frå 1970 til 1982).

I 1954 starta Jonsereds produksjon av den norske motorsaga Comet, med gløderøyrmotorar, som Rasmus Wiig hadde utvikla. Johnsereds kalla sagene «Raket» i staden for «Comet». Den fyrste Jonsereds-produserte modellen var XA Raket. Seinare kom modellane XA 19, XC, og deretter ein versjon med elektrisk tenning, kalla model D [1][2]. Gløderøyrmotorane nytta råolje, men vart starta på propangass, som vart oppbevart i bøyla. Men i streng kulde sokk trykket på propangassen og sagene vart vaskelege å starta. Eksosen frå råoljemotoren var òg plagsam. Jonsereds utvikla difor nye sager med totakts bensinmotor. Den fyrste bensindrivne saga XB kom i 1957, men det synte seg at motoren var for svak, så ho vart erstatta med den noko kraftigare XD i 1958. Seinare vart det utvikla meir moderne modellar. I dag er det Husqvarna som eig rettane til å nytta varemerket Jonsereds på motorsager, og dei marknadsfører morsager og ryddesagene sine både som Husqvarna og som Jonsereds. Dei nyttar og merkenamnet Jonsereds for minitraktorar, grasklipparar og snøfresarar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jensen, A., Motorsager i Norge, Arnulf Jensen, 2010.
  2. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publishing, 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]