Jonsklosteret i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jonsklosteret var eit augustinarkloster som låg i området ved Strandgata og Markeveien på sørsida av Vågen i Bergen.

Klosteret var vigd til Johannes Døypar. Det vart truleg grunnlagt ca. 1150, men er fyrste gong omtalt i 1208.[1] Ein veit at klostret var i økonomiske vanskar frå 1300-talet og utover, og på grunn av problem etter svartedauden var klosteret truleg ute av drift frå 1400-talet av. I 1450 vart klostergodset overteke av domkyrkja. Truleg brann klosteret ned ved bybrannen i 1489. Den tilhøyrande kyrkja vart tydelegvis ståande nokoleis uskadd, og ho må ha vore i bruk fram til 1552, då borgarane i byen fekk området for å byggja rådhus. Dette vart det ikkje noko av og restane av kyrkja vart ståande som ruin som endeleg vart fjerna på 1700-talet.[2]

I 1823 laga L.D. Klüver ei oversiktsskisse av dei få restane som var igjen. Kyrkja vart lokalisert ved graving i 1895, men det er få voner om at det mange leivningar igjen av klosteret.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Baglersagaene, kap. 33
  2. Mæhlum, Lars. (2016, 4. juli). Jonsklosteret. I Store norske leksikon. Henta 18. september 2016 fra https://snl.no/Jonsklosteret.
  3. http://www.katolsk.no/praksis/klosterliv/artikler/kap_17

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]