Jonsok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jonsokaftan)
Bål på jonsokaftan.
Foto: Malene Thyssen, 23. juni 2005

Jonsok (ei samandraging av jonsvoke), òg kalla sankthans eller jonsmesse, er den 24. juni. Ved jonsok er det vanleg mange stader i Nord-Europa å feire midtsommar. Mange stadar vert det brent bål på jonsokaftan den 23. juni. På primstaven er jonsok gjerne merkt av med ei krone, ein kross, ein ljå eller eit tre.

Namnet jonsok kjem av det norrøne jónsvaka, av Jon, som er ei forkorting av Johannes. St. Hans er ei forkorting av Sankt Johannes' dag. I den katolske kyrkja er den 24. juni minnedag for Johannes døyparen.

Jonsokbålet blir også kalla «brise», «brising» eller «briseld» - i følge Ivar Aasen «især Lystild som optændes på et høit Sted for at sees i Frastand.»[1]

Opphav og utvikling[endre | endre wikiteksten]

På same måte som jul, er midtsommarfesten ein gammal heidensk tradisjon. Han blei feira med leik, dans, drikk og ulike skikkar med heidensk opphav. Rundt reformasjonen på 1500-talet gjorde kyrkjer og styresmakter mykje for å stoppa det dei såg på som ei umoralsk feiring. Tradisjonen blei noko svekka i land som Danmark-Noreg og Storbritannia, men heldt seg betre i Sverige, Finland, Estland og Latvia.

«St. Hansbål ved Jølstravatnet» av Nikolai Astrup.

I Noreg var jonsokdagen offentleg heilagdag etter Kristian den femtes norske lov, under namnet St. Hans Babtistæ Dag. I kyrkjene vart det preika over Evangeliet etter Lukas, 1. kapittel versa 57-79 Johannes vert fødd og Sakarjas lovsong. Dette vart oppheva frå 1771 ved Festdagsreduksjonen, men nokre stader i Noreg, mellom anna i Vestfold, har jonsokdagen vore fridag opp til våre dagar.

Olaus Magnus skildra feiringa slik i 1555:[2]

«Midtsommeraften samles folk, uansett kjønn og alder, på byens torv eller ute i det fri, for der å danse i skinnet av tallrike bål. Under dansen synger man viser om fortidens helters bedrifter, også om det kvinner har gjort for å bevare sin kyskhet. Man synger også viser om mennesker uten ære og samvittighet, onde og feige. Alt dette synges i viser og på melodier som er gått i arv fra forfedrene. Unge piker synger om de mange feil ektemennene gjør seg skyldige i, slik som terningspill, slagsmål i kroen o.a. Unge menn synger til gjengjeld om late, falske, sladresyke og troløse kvinner, og at de ikke må klage over mennene alene. Man tar også for seg late sjølfolk, uærlige bønder, troløse borgere og grusomme og begjærlige fogder. Dette skjer for å vise ungdommen hvor høyt dyden står og at de skal gå i trofasthetens fotspor, og sky det dårlige eksempel.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Aasen, Ivar: Norsk ordbog med dansk forklaring. Kristiania: Cammermeyer, 1918
  2. Sitert i Dag og Tid 22. juni 2012, s. 39, opphavleg på latin i Historia de Gentibus Septentrionalibus

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]