Hopp til innhald

Joralf Gjerstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joralf Gjerstad

Fødd11. april 1926
Snåsa kommune
Død18. juni 2021 (95 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, sjølvbiograf, påstått synsk, healer, klokkar
EktefelleSigne Gjerstad

Joralf Gjerstad (11. april 192618. juni 2021) var ein healer som det vart hevda var synsk og hadde «varme hender». Gjerstad var frå Snåsa i Nord-Trøndelag. Han var kjend som «Snåsamannen», eller lokalt som «Snåsakaill'n».

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Gjerstad vart fødd inn i enkle kår og fekk berre fem års skulegang. Han har sidan arbeidd i landbruket og 16 år som kyrkjetenar i Den norske kyrkja. Gjerstad har fortald at han alt som barn skjønte at han hadde evner utanom det vanlege. Han hevda at evna til å vere synsk låg i slekta hans og denne evna til å sjå var sterk hjå han sjølv. I tillegg meinte han å kunne kurere folk. Han fortalde vidare at han lenge prøvde å skyve vekk evnene, som tidvis var tunge å leve med. Men som 21 år gammal soldat i Tysklandsbrigaden vart han spådd av ei eldre kvinne han tilfeldig møtte at han ville verte kjend over heile Noreg gjennom å hjelpe folk.[1][daud lenkje] Sidan behandla han tusenvis av menneske gratis gjennom femti år – og han skal ha lækt mange av dei med dei varme hendene sine og gjennom at han skal vere diagnostiserande synsk.[2]

Heider[endre | endre wikiteksten]

Joralf Gjerstad fekk Kongens fortenestmedalje i sølv i 2001.[3] Hausten 2006 sende NRK ein eigenprodusent dokumentarfilm om han med tittelen Kjenner du varmen?.[4][daud lenkje]

Hausten 2008 gav Ingar Sletten Kolloen ut biografien Snåsamannen. Boka vart ein bestseljar etter få veker.[5][daud lenkje]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Verksemda til Gjerstad har vorte kritisert, mellom anna av legar. Medisinprofessoren Tor K. Larsen skreiv til dømes i eit avisinnleg at Joralf Gjerstad «har lurt tusenvis avnordmenn trill rundt», sjølv om han «visstnok ikkje [har] skodd seg økonomisk på kvakksalveriet sitt». Larsen meintee også at «det at Snåsamannen ikkje vil la seg teste er truleg eit uttrykk for at han er klar over at han driv med humbug».[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «De varme hendene» av Silje Kathrine Sviggum på Dagbladet.no (17. november 2008).
  2. Eit dokumentarprogram om han som vart send på NRK 09.10.2006, jf. «Snåsakaill'n får hundrevis av brev» av Torill Aamodt hjå NRK Trøndelag (12. oktober 2006).
  3. «Kongens heder for Joralfs varme hender» av Ole Bjørner Loe Welde på Dagbladet.no (23. januar 2002).
  4. «Håndspåleggeren» på NRK.no (9. oktober 2006).
  5. «Spår han riktig salgstall også?» av Marie L. Kleve på Dagbladet.no (6. november 2008).
  6. «Snåsalureri» av Tor K. Larsen i Dagbladet (5. januar 2009).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Joralf Gjerstad