Jordalen kapell
Utsjånad
| Jordalen kapell | |||
| Kapell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Voss | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Hardanger og Voss | ||
| Sokn | Oppheim | ||
| Fellesråd | Voss | ||
| Innvigd | 4. juni 1977[1] | ||
| Kyrkjegard | Kring 300 m. sørvest for kapellet/skulen | ||
| Døypefont | Frå kring 1900 | ||
| Altartavle | Alterskåp laga av Sjur Mørkeve og elevar frå Jordalen skule. Frå 2002.[2] | ||
| Sitjeplassar | 45[3] | ||
![]() Jordalen kapell 60°53′04″N 6°43′21″E / 60.88444519°N 6.72249985°E | |||
Jordalen kapell ligg på Øyane i Jordalen nordaust i Voss herad i Vestland, og er eit vigsla rom i sokkeletasjen i Jordalen skule.[1] Kapellet vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1977, og vert drive av bygdefolket i Jordalen. Før den noverande skulen vart bygd i 1977, var gamleskulen kapellvigsla.
Jordalen høyrer til Oppheim sokn i Hardanger og Voss prosti. Før dei fekk eige kapell reiste folk i Jordalen til Oppheim kyrkje.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altarskåpet er frå 2002 og er laga av elevar ved Jordalen skulen og treskjerar Sjur Mørkeve. Døypefonten er laga i tre og er frå kring 1900.[2]
Gravplass
[endre | endre wikiteksten]Gravplassen i Jordalen ligg nokre hundre meter sørvest for skulen, på hi sida av Jordalselvi. På gravplassen er det eit lite bårehus/gravkapell.[4]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Norges kirker: «Jordalen kapell - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Henta 1. august 2009.
- 1 2 ««Jordalen kapell - Inventar» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Henta 1. august 2009.
- ↑ Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Jordalen kapell». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 357. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ «Om Jordalen kapell på nettstaden til Voss kommune». Henta 1. august 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Oppheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Nettstaden til DIS-Norge: Oversikt over gravminne på Jordalen gravplass
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- «Jordalen kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
