Jordalsbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordalsbø til venstre og Bygland kyrkjebygd til høgre.

Jordalsbø er ei grend i Bygland kommune, omlag tre kilometer nord-aust for Bygland sentrum, mellom Lidi i sør og Skreland i nord. Forbi Jordalsbø i sør renn Søråni. På norsida renn Nordåni. Mellom dei to elvane ligg Jordalsbø. Grenda har namn etter den gamle garden Jordal. Han må ha femna om heile det noverande Jordalsbø.

Fylkesveg 3802 går frå Bygland kyrkjebygd til Jordalsbø. Lokalt er denne vegen kalla Jordalsvegen.

Søråni kraftverk og småkraftverket Nordåni kraftverk ligg i grenda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]