Jordan Letsjkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordan Letsjkov
Personleg informasjon
Fødd 9. juli 1967 (56 år)
Fødestad Straldzja i Bulgaria
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984–1991
1991–1992
1992–1996
1996–1997
1997–1998
2001–2002
2002–2004
Sliven
CSKA Sofia
Hamburg
Marseille
Beşiktaş
CSKA Sofia
Sliven
155 (55)
29 (17)
101 (11)
28 (2)
17 (4)
19 (5)
21 (4)
Landslag
1989–1998 Bulgaria 45 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Jordan Letsjkov (fødd 9. juli 1967) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar og noverande politikar. Han spelte på midtbanen for fleire europeiske klubbar og på det bulgarske landslaget. Av klubbane hans kan nemnast CSKA Sofia i heimlandet, Hamburger SV i Tyskland og franske Olympique Marseille. Klubbkarrieren hans vart hemma av eit svingande humør og temperament, som til visse tider skapte kontroversar med trenar eller med klubbkameratar (m.a. danske (Stig Tøfting). Prestasjonene hans på klubbnivå er avgjort overgått av prestasjonar på landslaget.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Letsjkov spelte i åra 1989 til 1996 45 kampar for det bulgarske landslaget, der han skåra 5 mål. Han deltok mellom anna i VM i 1994 og EM i 1996. I fyrstnemnde meisterskap var han med om å føre laget til semifinalen - denne 4. plassen er Bulgarias fremste prestasjon i et VM-sluttspel. I kvartfinalen mot Tyskland, der bulgararane kom bak med 1-0 skåra Letsjkov sigersmålet som gav ein sensasjonell siger med 2-1. Etter sluttspelet uttala landsmannen hans Hristo Stoitsjkov, som elles ikkje hadde lett for å rose medspelarane sine, at utan Jordan hadde ikkje Bulgaria teke seg vidare frå gruppespelet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]