Jordanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jordanes var ein romersk-gotisk historieskrivar på 500-talet. Han skreiv De origine actibusque Getarum («Om opphavet og gjerningane til gotarane») på latin. Verket var ei bearbeiding av Cassiodorus si no tapte gotarsoge, Jordanes bevarte dermed gotarane sine segner og historiske tradisjonar for ettertida. Jordanes forfatta også ei verdshistorie som gjekk fram til 552 e.Kr.

Filologen Sigmund Skard omsette Jordanis Gotesoga til norsk, ei bok som kom ut i 1932 og er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jordanis Gotesoga på nb.no. Tilgang for norske IP-adresser.