Jordmor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av ei jordmor somhjelper ei fødande kvinne frå 1513.

Jordmor er i Noreg ein fødselshjelpar godkjent etter lov om helsepersonell. Grunnlaget for offentleg autorisasjon er ei to-årig vidareutdanning for sjukepleiarar. I tillegg til arbeidet under sjølve fødselen arbeider jordmødre òg med oppfølging av gravide i svangerskapet. Jordmødre er som regel tilsette ved sjukehus, fødestover eller i kommunehelsetenesta, men nokre driv òg fødselshjelp heime hjå folk. Det er over 2000 aktive jordmødrer i Noreg (2005). Tittelen blir nytta på jordmødrer av båe kjønn.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Plausible forklaringar på etymologien til jordmor er at det er den som hjelper barnet til jorda, ifølgje Aftenposten. Vidare, skreiv avisa at opphavet kan vera ljosmor, lysmor, som var brukt om fødselshjelparen.[1]

Forklaringa at jordmor er personen som tar imot barnet på jordgolv og gir det til mora er ikkje den mest plausible, meiner språkforskar Ernst Håkon Jahr, ifølgje media.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mannleg jordmor i Noreg.
Foto: Karen Beate Nøsterud/norden.org
Noreg

I 1810 blei det heimla i lov at jordmødrer skulle ha utdanning. Jordmortenesta blei vidare heimla i eiga jordmorlov i 1889, ei lov som med endringar galdt fram til helsepersonellova trødde i kraft 1.1.2001.

Fram til jordmorutdanninga tok til ved Fødselsstiftelsen i Kristiania i 1818 måtte utdanninga skje i København. 65 norske jordmødrer fekk opplæring på jordmorskolen i København frå han vart oppretta i 1787.[2]

I 1948 blei utdanninga endra frå ei sjølvstendig utdanning til ei vidareutdanning for sjukepleiarar. Ho var frå starten eittårig med eit turnusår etter, dette blei endra til ei toårig utdanning utan turnusteneste i 2005.

Frå starten var det som regel gifte kvinner eller enker som var jordmødrer, det blei rekna som naturleg at ho hadde fødd sjølv. Dette blei etter kvart endra til at jordmødrer var ugifte, som sjukepleiarar var det, og i 1910 fanst berre ugifte jordmødrer. Menn fekk tilgang til yrket først i 1973.

I Noreg er jordmødrer organiserte i Den norske jordmorforening, stifta 1908, og Jordmorforbundet, stifta i 1957. Jordmorforbundet samarbeider med Norsk Sykepleierforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Joakim Stubberud. "Hvorfor beholde tittelen jordmor?". 2018-06-11. Aftenposten. S. 13
  2. Aud Farstad. 2018-02-03. Klassekampen . S. 38

  • Jordmor i Store Norske Leksikon
  • Mari Hagtvedt: Jordmorvesenets utvikling. Tidsskrift for jordmødre, 2008, 2, 23-25.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jordmor
  • Aud Farstad. På liv og død - Distriktsjordmødrenes historie. 2016