Jordnøtt
Utsjånad
- For matslaget som også blir kalla jordnøtt, sjå peanøtt.
| Jordnøtt | |
Jordnøtt på Aukra i Møre og Romsdal | |
| Status | |
| Status i Noreg: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
| Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
| Slekt: | Conopodium |
| Art: | Jordnøtt C. majus |
| Vitskapleg namn | |
| Conopodium majus | |
Jordnøtt eller jordnòt (Conopodium majus) er ein art i skjermplantefamilien Apiaceae. Det er ei opptil 50 cm høg fleirårig urt, med etande jordknoll. Jordnøtt har findelte blad med linjeforma flikar og kvite blomar i skjerm. Ho blomstrar på føresommaren (juni). Frukta er glinsande svartbrun og 4 mm lang.
I Noreg veks jordnøtt på grasbakkar, beite, i skog og kratt i kyst- og fjordstrøk frå Telemark til Nord-Trøndelag, samt på eit par førekomstar i Nordland. Planta finst også på Færøyane, svært sjeldan i Sverige og i Danmark, elles i Vest-Europa.
Planta må ikkje forvekslast med peanøtt som også av og til blir kalla jordnøtt, og som høyrer til erteblomfamilien (Fabaceae).