Jordrotasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Animasjon av jordrotasjonen om sin eigen akse.
Den nordlege nattehimmelen over Nepal syner sporet til stjernene når jorda roterer.

Jordrotasjonen er nemninga på rotasjonen til jordkloten om sin eigen akse. Jorda roterer mot aust, eller mot klokka.

Nordpolen, eller den geografiske nordpolen, er punktet på den nordlege himmelhalvkula er jordaksen møter flata si. Jordaksen er den tenkte linja frå pol til pol som jorda roterer om. Dette punktet er ikkje på same stad som den magnetiske nordpolen. Sørpolen er det andre punktet på jorda der rotasjonsaksen skjr overflata, i Antarktis.

Jorda roterer ein gong på kring 24 timar med omsyn til sola, og ein gong kvar 23 timar, 56 minuttar og 4 sekund med omsyn til stjernene. Jordrotasjonen sakkar av med tida, slik at ein dag var kortare i fortida. Dette kjem av tidvasseffektar som månen har på jordrotasjonen. Atomklokker syner at den moderne dagen er kring 1,7 millisekund lengre enn for eit hundreår sidan.[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dennis D. McCarthy; Kenneth P. Seidelmann (18 September 2009). Time: From Earth Rotation to Atomic Physics. John Wiley & Sons. s. 232. ISBN 978-3-527-62795-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]