Jordskjelvet i Antioka i 115

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordskjelvet i Antioka i 115
jordskjelv
Land  Tyrkia,  Syria
Koordinatar 36°6′ N 36°6′ E
Dato 13. desember 115
Styrke 7.5 Ms[1]
Intensitet XI
Tsunami ja
Drepne kring 260 000
Kart
Jordskjelvet i Antioka i 115
36°6′ N 36°6′ E

Jordskjelvet i Antioka i 115 skjedde den 13. desember 115 evt. Det hadde ein estimert styrke på 7,5 overflatebølgjemagnitude og ein estimert maksimum intensitet på XI (ekstrem) på Mercalli-skalaen. Antiokia og dei kringliggande områda vart lagt i grus med store tap av liv og verdiar. Det utløyste ein lokal tsunami som øydela hamna i Caesarea Maritima. Den romerske keisaren Trajan vart råka av jordskjelvet, og det same vart etterfølgjaren hans Hadrian. Dei kom unna med små skadar og starta seinare gjenoppbygginga av byen.[2]

Øydeleggingar[endre | endre wikiteksten]

Ei forteljing om jordskjelvet vart skriven av Cassius Dio i hans Romersk Historie.[3] Han skildrar Antiokia på den tida som tett folkesett med soldatar og mange sivile som hadde kome frå alle delar av rike, fordi Trajan overvintra der. Jordskjelvet byrja med ein høg, buldrande lyd, etterfølgd av intense ristingar. Store tre vart kasta opp i lufta, og det same vart mange innbyggjarar, noko som skapte store skadar. Store folkemengder omkom av fallande byggverk, og mange vart innesperra. Etterskjelva som følgde i fleire dagar tok livet av mange overlevande, medan andre som var innesperra svelt i hel. Trajan klarte å kome seg unna huset han budde i gjennom eit vindauge og fekk berre mindre skadar. På grunn av faren for etterskjelv, flytta han følgjet sitt til den opne hippodromen.[3]

Byen Apamea vart òg øydelagd av jordskjelvet og Beirut fekk mindre skadar.[4] Tsunamien som vart utløyst av jordskjelvet råka kysten av Libanon, særleg Caeserea og Yavneh.[5] Hamna i Caeserea Maritima vart truleg øydelagd av tsunamien, ei tolking basert på datering av eit halvmeter tjukk tsunamiavleiring funnen utanfor hamna.[6]

Opphavet til dødstalet på 260 000 er uvisst, og verkar berre å finnast i katalogar som er kring hundre år gamle.[7]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Oppbygginga av Antiokia vart starta av Trajan, men verkar å ha blitt fullført av Hadrian.[8] Trajan fekk reist ein kopi av Tyche av Eutychides ved det nye teateret, til minne om gjenoppbygginga av byen.[9] Nesten all mosaikk som er funnen i Antiokia er datert til etter jordskjelvet.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. National Geophysical Data Center. «Comments for the Significant Earthquake». Henta 19. oktober 2011. 
  2. Fant, C.E.; Reddish, M.G. (2003). «Antiokia on the Orontes». A guide to biblical sites in Greece and Turkey. Oxford University Press. s. 303. ISBN 978-0-19-513917-4. Henta 31. mars 2014. 
  3. 3,0 3,1 Bennett, J. (1997). Trajan: optimus princeps : a life and times. Roman imperial biographies Batsford Series (2 utg.). s. 199–201. ISBN 978-0-415-16524-2. Henta 31. mars 2014. 
  4. Meghraoui, M.; Gomez F., Sbeinati R., van der Woerd J., Mouty M., Darkal A.N., Radwan Y., Layyous I., Al Najjar H., Darawcheh R., Hijazi F., Al-Ghazzi R> & Barazangi M. (2003). «Evidence for 830 years of seismic quiescence from palaeoseismology, archaeoseismology and historical seismicity along the Dead Sea fault in Syria». Earth and Planetary Science Letters (Elsevier) 210 (1-2): 35–52. Bibcode:2003E&PSL.210...35M. doi:10.1016/S0012-821X(03)00144-4. Henta 22 October 2011. 
  5. Sbeinati, M.R.; Darawcheh, R. & Mouty, M. (2005). «The historical earthquakes of Syria: an analysis of large and moderate earthquakes from 1365 B.C. to 1900 A.D.» (PDF). Annals of Geophysics 48 (3): 347–435. Henta 22. oktober 2011. 
  6. Reinhardt, E.G.; Goodman B.N., Boyce J.I., Lopez G., van Hengstum P., Rinnk W.J., Mart Y. & Raban A. (2006). «The tsunami of 13. desember A.D. 115 and the destruction of Herod the Great's harbor at Caeserea Maritima, Israel». Geology (Geological Society of America) 34 (12): 1061–1064. Bibcode:2006Geo....34.1061R. doi:10.1130/G22780A.1. Henta 31. mars 2014. 
  7. Musson, R. (7 mars 2001). «The ten deadliest ever earthquakes». British Geological Survey. Henta 31. mars 2014. 
  8. Boatwright, M.T. (2003). Hadrian and the Cities of the Roman Empire. Princeton University Press. s. 138. ISBN 978-0-691-09493-9. 
  9. Dirven, L. (1999). The Palmyrenes of Dura-Europos: a study of religious interaction in Roman Syria. Religions in the Graeco-Roman world 138. BRILL. s. 112. ISBN 978-90-04-11589-7. Henta 31. mars 2014. 
  10. Hengel, M.; Schwemer, A.M. (1997). Paul between Damascus and Antiokia: the unknown years. Westminster John Knox Press. s. 478. ISBN 978-0-664-25736-1. Henta 31. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]