Jordskjelvet i Kivu i 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordskjelvet i Kivu i 2008
jordskjelv
Land  Rwanda,  Burundi  Den demokratiske republikken Kongo,  Kenya
Stad Kivusjøen
 - koordinatar 2°18′50″S 28°53′46″E / 2.314°S 28.896°E / -2.314; 28.896
Dato 3. februar 2008
Styrke 5.9 Mw
Drepne 44 døde og 349+ skadde[1]
Kart
Jordskjelvet i Kivu i 2008
2°18′50″S 28°53′46″E / 2.314°S 28.896°E / -2.314; 28.896

Jordskjelvet i Kivu i 2008 var eit jordskjelv som råka fleire land kring Dei store afrikanske sjøane kl. 0734 den 3. februar. Det målte 5,9 på momentmagnitudskalaen i følgje United States Geological Survey[2] og varte kring 15 sekund.[3][4] Episenteret låg 20 km nord for Bukavu ved Kivusjøen i Den demokratiske republikken Kongo.[4]

Detaljar[endre | endre wikiteksten]

Minst 25 menneske omkom i Rwanda, og kring 200 vart alvorleg såra. Ti menneske omkom då ei kyrkje kollapsa i Rusizi-distriktet i Den vestlege provinsen i Rwanda, i følgje radio i Rwanda[5] I Den demokratiske republiken Kongo vart minst fem stadfesta døde og 149 alvorleg skadde.[6]

Jordskjelvet vart merka i Burundi, der det førte til straumbrot, og så langt borte som den kenyanske hovudstaden Nairobi.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://earthquake.usgs.gov/earthquakes/eqarchives/year/2008/2008_deaths.php
  2. «Magnitude 5.9 - LAC KIVU REGION, DEM. REP. OF THE CONGO». USGS. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen 4. februar 2008. Henta 21. januar 2014. 
  3. «At least 21 die in Rwanda quake». Reuters. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen den 13. februar 2008. Henta 21. januar 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Deadly earthquake shakes Rwanda». BBC Online. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen den 4. februar 2008. Henta 21. januar 2014. 
  5. «23 dead in Rwanda earthquake: radio». Australian Broadcasting Corporation. Arkivert frå originalen den 6. februar 2008. Henta 21. januar 2014. 
  6. «Death toll from Rwanda, Congo quakes hits 30». Reuters. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen 13. februar 2008. Henta 21. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]