Jordskjelvet i Peru 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peru 2007
jordskjelv
Kart som viser kystsona i Peru med tilvising av styrken av jordskjelvet på ulike stader. Stjerna markerer episenteret.
Land  Peru
Koordinatar 13°32′S 76°51′W / 13.533°S 76.850°W / -13.533; -76.850
Dato 15. august 2007
 - Tid 18:40:57 lokal tid
 - Varigskap 2 minutt
Styrke 8,0 Mw
Intensitet VII
Tsunami fløymde delar av Costa Verde-vegen ved Lima og mykje av kysten av Pisco
Etterskjelv minst 12 med styrke på minst 5,0
Drepne 519 stadfesta døde[1]
1366 skadde[1]
Kart
Jordskjelvet i Peru 2007
13°21′11″S 76°30′36″W / 13.353°S 76.51°W / -13.353; -76.51
Wikimedia Commons: 2007 Peru Earthquake

Jordskjelvet i Peru 2007 var eit jordskjelv med momentmagnitude 8,0 som råka det sentrale kystområdet av Peru onsdag den 15. august 2007 klokka 18:40:58 lokal tid og riste området i to minutt. Hyposenteret vart lokalisert til eit punkt 150 kilometer søraust for Lima og 39 kilometer under havbotnen. Det nasjonale informasjonssenter for jordskjelv i United States Geological Survey, USGS, har fastsett intensitet til VII, very strong etter Mercalliskalaen.

Skader[endre | endre wikiteksten]

Byen Pisco etter jordskjelvet.

Byane som vart hardast råka av skjelvet var Pisco, Ica og Chincha Alta i Ica-regionen, og San Vicente de Cañete i Lima-regionen, men jordskjelvet var òg merkbart i hovudstaden Lima kor skjelvet knuste vindauge i sentrum av byen. Dessutan var skjelvet merkbart innanfor ein vid krins av landet og femnar om byar som Pucallpa, Iquitos, Contamana, Trujillo og Cajamarca. Det vart meldt at totalt kring 85 000 heimar var øydelagde. I byen Pisco, ca 260 km søraust om Lima og nær episenteret, vart ca 80 %, av bygningane øydelagde og meir enn 200 menneske døydde. I byen Pisco kollapsa ei kyrkje og 127 vart funnen omkomne i ruinane. Sytten menneske omkom då ei kyrkje kollapsa i byen Ica og 70 vart skadde. Dei tok del i ei messe då skjelvet tok til. Den peruanske regjeringa gav eit totalt dødstal på 540 omkomne per 18. august 2007, seinare vart talet justert ned til 514.

Eit etterskjelv på 5,8 hende klokka 19:02 lokal tid med senter 113 kilometer nordaust for Chincha Alta. Sytten minutt seinare kom eit anna etterskjelv på 5,9 med senter 48 kilometer sør-sørvest frå Ica, og minst eit dusin andre på 5,0 eller meir vart registrerte. Dagen etter hendinga vart det sett inn flytransport frå Pisco til Lima for overlevande som trong handsaming på sjukehus i hovudstaden.

Tektonisk oppsummering og historie[endre | endre wikiteksten]

Kart som syner posisjonen for hovudskjelvet og mange etterskjelv

Dette jordskjelvet gjekk føre seg kor Nazcaplata er subdusert under Sør-Amerika-plata, Sør-Amerika-plata flyttar seg mot Stillehavet og opp over Nazcaplata med ei fart på 78 mm per år. Ekspertar hevdar at slike jordskjelv kjem ein gong kvart 100 år. Kystområdet av Peru har ei lang historie med mykje kraftige jordskjelv. Ristinga den 15. august oppstod nær kjelda for to tidlegare jordskjelv med styrke rundt 8, høvesvis i 1908 og i 1974. I 1966 var det utløyst eit kraftigare jordskjelv på 8,2 på Richterskalaen nord i Peru og i 2001 kom eit skjelv på 8,3 nær byen Arequipa i sør. Jordskjelv med omfattande øydeleggingar femnar om skjelvet som øydela bygningar i Cuzco i 1950 og jordskjelvet i Ancash 1970 som mellom anna utsletta Yungay ved Huascarán. Men det kraftigaste jordskjelvet i kystområdet av Peru ein kjenner hadde ein styrke på 9 og hende i 1868. Den gongen vart det òg løyst ut ein tsunami som drap fleire hundre tusen menneske langs kysten av Sør-Amerika og som gjorde skadeverk på Hawaii.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Første versjon av artikkelen er i stor grad ei omsetting av artikkelen «2007 Peru earthquake» på engelsk Wikipedia slik han var den 19. August 2007, artikkelen viser til desse referansane:
  1. 1,0 1,1 «Peru Civil Defense Updates Damages». 14. september 2007. Arkivert frå originalen den 16. oktober 2007. Henta 14. september 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]