Jordskjelvet i Wenchuan i 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei bankbygning i Beichuan
Kart over jordskjelvområdet (raudt kvadrat)

Jordskjelvet i Wenchuan (kinesisk skrift 汶川大地震, pinyin Wènchuān dà dìzhèn) i 2008 var eit jordskjelv som ramma fylket Wenchuan i det autonome prefekturet Ngawa og store kringliggjande område i norddelen av provinsen Sichuan i Kina, klokka 14.28.01 lokal tid den 12. mai 2008. Jordskjelvet hadde ein momentmagnitude på 7,9 i følgje målingane til det statlege seismolologiske senteret i Kina.

69 195 menneske omkom i skjelvet, attåt vart 18 392 personar rapportert forsvunne. Vel 374 000 personar kom til skade, og i kring 4,8 millionar menneske vart heimlause. Sånn sirka 15 millionar menneske budde i området som vart råka av jordskjelvet.

Episenteret låg 80 kilometer vest-nordvest fo provinshovudstaden Chengdu, forkastinga fann stad på 19 kilometers djupne. Jordskjelvet kunne merkast i nærliggjande land og så langt borte som Beijing og Shanghai, 1500 km og 1700 km unna, der høge bygningar svaia grunna skjelvet. Sterke etterskjelv, nokre med ein magnitude på 6, heldt fram å råke området i fleire månader etter hovudskjelvet, noko som kravde fleire offer og gjorde ytterlegare skade.

Jordskjelvet i Wenchuan er det 21. dødelegaste i historia, og var det dødelegaste som råka Kina etter jordskjelvet i Tangshan 1976, ein katastrofe som tok livet av rundt 240 000 menneske. Jordskjelvet i Wenchuan var det sterkaste i Kina sidan jordskjelvet i Chayu 1950, eit skjelv som vart registrert til 8,5 på Richterskalaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jordskjelvet i Wenchuan i 2008