Jordskugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jordskuggen)
Jordskuggen og Venusbeltet ved soloppgang, sett over ein horisont der sjøen møter himmelen, sett mot vest frå Twin Peaks i San Francisco. Merk: det lågaste blågrå området er ikkje himmelen, men havoverflata.

Jordskugge er den del av verdsrommet som jorda heilt eller delvis hindrar lysstråler frå sola å trenge inn i.

Medan fenomenet natt (ein funksjon av å vere i jordskuggen) er særs kjend for alle, er effekten jordskuggen har på atmosfæren ofte ganske synleg på himmelen, men likevel lite kjend. Denne skuggen er synleg når han fell på atmosfæren til jorda i tussmørket. Når ein har klår sikt til horisonten, kan ein sjå skuggen som eit mørkeblått eller gråblått band. Skuggen vil då vere synleg på motsett halvside av himmelen av solnedgangen eller soloppgangen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]