Jordvoks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ozokerite-byu.jpg

Jordvoks eller ozokeritt er ei naturleg blanding av faste hydrokarbon. Det er eit voksliknande med gulaktig, grønleg eller brunleg til svart farge og aromatisk lukt. Det har variabelt smeltepunkt, 55–110 °C. Det finst fleire stader saman med kol og bitumen og i samband med petroleumsførekomstar. Ved reinsing og bleiking vert det utvunne eit kvitt produkt (ceresin), som mellom anna nyttast til framstilling av lys og til lêrimpregnering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]