Jordyn Wieber
Utsjånad
| Jordyn Wieber | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 12. juli 1995 (30 år) DeWitt |
| Idrett | turn |
| Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Jordyn Marie Wieber ({{datoar}) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar. Ho vart verdsmeister i mangekamp under Turn-VM 2011. I den same meisterskapen og i Sommar-OL 2012 vann ho gullmedalje i lagtevlinga for USA.
Wieber deltok i alle fire øvingane då USA sitt mannskap gjekk til topps i lagtevlinga under Turn-VM 2011 i Tokyo. To dagar seinare gjekk ho heilt til topps i den individuelle mangekampen, med knapp margin til Viktorija Komova frå Russland. Wieber var kvalifisert til tre av apparatfinalane, enda opp med bronse i bom. Eitt år seinare vann ho gull i lagtevlinga ved dei olympiske leikane i London, ei tevling der ho var med i tre av dei fire øvingane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jordyn Wieber» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2023.
