Hopp til innhald

Jorge Amado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorge Amado

StatsborgarskapBrasil
Fødd10. august 1912
Itabuna
Død

6. august 2001 (88 år)
Salvador

Yrkeskribent, journalist, lyrikar, romanforfattar, politikar
Språkportugisisk
Medlem avAcademia Brasileira de Letras, Akademie der Künste Berlin
Religionateisme
EktefelleZélia Gattai
PrisarCamões-prisen, Prix mondial Cino Del Duca, Lenins fredspris, Stalin-prisen, Premio Nonino, Den kulturelle fortjenstorden, storoffiser av Infante Dom Henriks orden, storoffiser av Santiago av sverdets orden, æresdoktorat ved Brasilias universitet, æresdoktor ved Universitetet i Padova, Meritorious Citizen of the Freedom and Social Justice João Mangabeira (CBJM), kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, æresdoktor ved Université Sorbonne-Nouvelle, æresdoktor ved Lyon-II-Universitetet, Prêmio Juca Pato, Commander of the Order of Cultural Merit (Brazil), Grand Cross of the Order of Cultural Merit (Brazil)
Signatur
Jorge Amado på Commons

Jorge Leal Amado de Faria (10. august 19126. august 2001) var ein brasiliansk forfattar som blir rekna som ein av dei viktigaste latinamerikanske forfattarane på 1900-talet.

Det er ikkje heilt klårt kvar Amado blei fødd, men far hans åtte ein kakaoplantasje i forbundstaten Bahia og sonen voks opp i hamnebyen Ilhéus.

Handlingen i nesten alle verka til Amado utspelar seg nordaust i Brasil, stort sett i Bahia-området, blant enkle folk som strir med liv og overlevnad. Trass dei materielle problema til protagonistane struttar dei fleste av bøkene hans av vitalitet og livslyst. Skodeplassar og temaval for handlingen er ofte bordellar, karnevalet og afro-brasiliansk kult.

Det mest kjende verket til Amado er romanen Gabriela, Cravo e Canela (1958). Han var fleire gonger nominert til Nobelprisen i litteratur.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jorge Amado