Jorge Calderón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorge Calderón
Fødd1947 (77 år)
OpphavSan Juan i Puerto Rico i USA
AktivSidan 1970-åra
SjangerRock
InstrumentGitar, bass, korvokal
Tilknytte artistarBuckingham Nicks, Fleetwood Mac, Warren Zevon, Ry Cooder, El Rayo X, The Eagles, Jackson Browne
PlateselskapWarner Bros.
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Jorge Calderón er ein puertoricansk multi-instrumentalist, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend for samarbeida sine med Warren Zevon og Buckingham Nicks.

Calderón byrja å arbeide med Buckingham Nicks i 1972 som perkusjonist. Han turnerte med bandet fram til dei vart oppløyste i 1975.[1] Han arbeidde seinare med Fleetwood Mac, og spelte inn og skreiv ein song, «Kiss and Run». Songen kom ut i 2004 på den ommastra utgåva av Tusk. Han spelte på alle Warren Zevon-albuma etter 1976, med unntak av My Ride's Here. I tillegg produserte han det siste albumet til Zevon, The Wind, der han òg var medlåtskrivar på fleire songar.[2]

Calderón gav ut eit album med sine eigne songar på Warner Bros. Records i 1975, kalla City Music. I september 2018 gav Calderón ut eit nytt album, Blue Rhythm Highway i lag med Ry Cooder, David Lindley, Jim Keltner og Van Dyke Parks, blant fleire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stevie Nicks on the Early Years 1966-1974». www.inherownwords.com. 
  2. «Heard Backstage». Billboard. 21. februar 2004. s. 69. Henta 25. september 2020.