Jorge Olguín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorge Olguín
Fødd 17. mai 1952
Fødestad Dolores

Jorge Mario Olguín (fødd 17. mai 1952) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar frå Dolores i Argentina som vart verdsmeister for Argentina på heimebane i 1978 og vann Copa Libertadores 1985 med Argentinos Juniors.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Forsvarsspelaren Olguín spelte frå 1971 til 1988 på tre av storklubbane i Argentina, stort sett som midtstoppar. Han var aktiv 1971-79 på San Lorenzo, 1980-83 på Independiente og 1984-88 på Argentinos Juniors. Med alle tre klubbane var han med å vinne nasjonale eller metropole turneringar. Høgdepunktet som klubbspelar kom då Argentinos Juniors vann Copa Libertadores 1985 etter omkamp og straffeskyting mot América de Cali frå Colombia.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Olguín var argentinsk landslagsspelar 1976-82. Under verdsmeisterskapen 1978 på heimebane vart han nytta som høgreback, så også i finalen mot Nederland som Argentina vann 3-1 etter ekstraomgangar. Han var også jamnt i fyrsteellevaren då Fotball-VM 1982 fann stad i Spania, men etter tap mot Brasil og 60 mållause landskampar fekk han ikkje fleire oppdrag for det argentinske landslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1978 for Argentina
  • Vinnar av Copa Libertadores: 1985 med Argentinos Juniors
  • Nasjonal seriemeister i Argentina: 1972 og 1974 med San Lorenzo og 1985 med Argentinos Juniors

Kjelder[endre | endre wikiteksten]