Jori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jori
elv
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Lesja, Dovre

Jori
62°14′19″ N 8°59′13″ E

Jori (lokal uttale jore) er ei elv i Lesja kommune i Innlandet fylke. Ho startar i Lesjøtelet på Dovrefjell, og renn fyrst nedover Skamsdalen. Der Skamsdalen møter hovuddalføret Dalsida, renn ho saman med utlaupet frå Dyratjønn, fortset så nedover dalen, og renn saman med Grøna, før ho munnar ut i Gudbrandsdalslågen vest for Dombås. Frå samlaupet med Grøna til ho når Lågen, markerer elva grensa mellom Lesja og Dovre kommunar.