Jori Mørkve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jori Mørkve
Jori Mørkve2.JPG
Fødd 29. desember 1980
Voss
Yrke skiskyttar
Jori Mørkve på Commons

Jori Mørkve (fødd 29. desember 1980) er ein norsk idrettsutøvar som er medlem i Voss Skiskyttarlag og IL Eldar.

Mørkve er mest kjend som skiskyttar. I perioden 2001-16 deltok ho i nesten 50 renn i verdscupen i skiskyting, med ein 18. plass på sprinten i Khanty-Mansijsk i 2007 som beste individuelle plassering. Sine beste prestasjonar i verdscupen gjorde ho i stafettar, fyrste gongen med tredjeplassen saman med det norske laget som deltok i Hochfilzen i desember 2006.

Etter nokre gode stafettetappar fekk Mørkve plass på det norske laget i mixstafett under VM i skiskyting 2007 i Antholz. Saman med Tora Berger, Emil Hegle Svendsen og Frode Andresen gjekk ho det norske laget inn til bronsemedalje. I same meisterskapen fekk ho bronse også med det norske kvinnelaget i 4 × 6 km stafett; Tora Berger, Ann Kristin Flatland og Linda Grubben var lagkameratane hennar.

Mørkve har sikra seg to sølvmedaljar på 15 km i NM i skiskyting, fyrste gongen i 2010 og andre gongen i 2013. Ved begge høva møtte ho si overkvinne i Tora Berger. Mørkve har elles NM-bronsar frå 2005 og 2011.

Mørkve har også delteke i langrenn, då på nasjonalt nivå og helst i stafettevlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]