Jorma Valkama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorma Valkama


Statsborgarskap Finland
Fødd 4. oktober 1928
Viborg
Død

11. desember 1962 (34 år)
Hollola

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1960, EM i friidrett 1962

Jorma Rainer Valkama (4. oktober 192811. desember 1962) var ein finsk lengdehoppar frå Viborg, som vann bronsemedaljen i øvinga under sommar-OL 1956. Han vart finsk meister i lengdehopp 1954-59 og 1961. Sin personlege rekord på 7,77 meter nådde han 16. september 1956 i Åbo. Valkama var 172 cm høg og vog 66 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Valkama deltok i 1952 i sommar-OL i Helsingfors, men lukkast ikkje kvalifisere seg til finalen. Sameleis gjekk det i EM 1954 i Bern. Hausten 1956 sette han personleg rekord med eit sprang på 7,77 m, og opplevde så høgdepunktet då han i Melbourne hoppa 7,48 meter i OL-finalen, berre USA-amerikanarane Greg Bell (7,83 m) og John Bennett (7,68 m) hoppa lengre.

Gjennom 1957-sesongen deltok Valkama i 40 tevlingar i lengdehopp, og vann alle. Under EM 1958 i Stockholm landa han på 7,50 meter og fekk sjetteplassen. To år etterpå strekte han seg i Roma til 7,69 m og ein femteplass under sommar-OL 1960. I sin siste internasjonale meisterskap, EM 1962 i Beograd, vart han finaleklar med eit hopp på 7,65 meter, men mislukkast i finalen og stoppa på 6,78 m.

Knapt tre månader seinare omkom han i ei trafikkulykke i Hollola, 34 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Jorma Valkama – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.