Hopp til innhald

Jorrit Bergsma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorrit Bergsma


StatsborgarskapKongeriket Nederlanda
Fødd1. februar 1986 (40 år)
Oldeboorn
Idrettlengdeløp på skeiser, landevegssykling
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2014 – 5000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2014 – 10000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 5000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 10000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Fellesstart menn
Utmerkingar Oscarstatuetten, ridder av Ordenen av Orange-Nassau

Jacob Jorrit Bergsma (fødd 1. februar 1986) er ein nederlandsk skøyteløpar som under Vinter-OL 2014 vart olympisk meister på 10 000 meter.

Bergsma prøvde å kvalifisere seg til Vinter-OL 2010 som representant for Kasakhstan. Under den nasjonale meisterskapen i russiske Tsjeljabinsk vann han 5000 meter på 6.28,2 og kvalifiserte seg til verdscupen. Men ISU nekta å la Bergsma starte for Kasakhstan.

Under Vinter-OL 2014 i Sotsji gjekk Bergsma i mål til bronsemedalje på 5 000-meter, slått av landsmennene Sven Kramer og Jan Blokhuijsen. Ti dagar seinare sikra han seg gullmedaljen på 10 000 m.  Med tida 12,44,4 og olympisk rekord slo han Sven Kramer med nær fem sekund.

Vinter-OL 2018 i Pyeongchang gjekk Bergsma 10 000 meter på 12.41,9, eit tid som heldt til sølvmedalje og var drygt to sekund bakom Ted-Jan Bloemen si vinnartid. Bloemen representerte då Canada.

Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing enda Bergsma på femteplass på 5 000 m og fjerdeplass i milløpet.

Bergsma har vunne fem gullmedaljar i verdsmeisterskap på enkeltdistansar. Han sigra på 10 000 meter i 2013, 2015 og 2019. I 2017 var han del av det nederlandske mannskapet som vann lagtevlinga, og i 2020 triumferte han i fellesstarten.