Jorunn Simonsen Thingnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorunn Simonsen Thingnes
Fødd1990
NasjonalitetNoreg
OmrådeSosiolingvistikk
Yrkeførsteamanuensis
InstitusjonarUniversitetet i Oslo, Høgskulen på Vestlandet
UtmerkingarH.M. Kongens gullmedalje

Jorunn Simonsen Thingnes (fødd 1990) er ein norsk sosiolingvist og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.[1]

Thingnes vart fødd i Jølster og studerte ved Universitetet i Oslo. Ho tok doktorgraden (ph.d.) ved MultiLing - Senter for fleirspråklegheit ved det same universitetet i 2020 med tittelen Å velje minoriserte språk. Språkpolitikk og språkval i akademia.[2]

Thingnes har vore aktiv i målrørsla, mellom anna som leiar av Studentmållaget i Oslo og som sentralstyremedlem i Norsk Målungdom. Ho har og sete i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

I doktorgradsavhandlinga si undersøkte Thingnes språkpolitikk og språkval ved Høgskulen på vestlandet og Samisk høgskule. Desse institusjonane har det til felles at dei har teke val om å nytte seg av mindretalsspråk som hovudspråk (høvevis nynorsk og samisk). Eitt av funna i prosjektet var at desse vala stadig måtte forsvarast og forklarast.[2] I doktorgradsprosjektet utfordrar Thingnes etablerte sanningar og utvidar perspektiva ein har på språkpolitikk og språkval i akademia.

Gjennom forskinga si på statusen til nynorsk og samisk i akademia viser Thingnes korleis det er teneleg å nytt omgrepet minoriserte språk om desse språka i ulike kontekstar.

Thingnes heldt Ivar Aasen-minneføredraget 2021 ved Dei nynorske festspela.[3] Ho mottok i 2021 H.M. Kongens gullmedalje for avhandlinga si.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]