José Ángel Iribar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
José Ángel Iribar
Iribar (Athletic).jpg
Fødd 1. mars 1943
Zarautz
Yrke fotballspelar, fotballtrenar, politikar
José Ángel Iribar på Commons

José Ángel Iribar Cortajarena (fødd 1. mars 1943) er ein tidlegare fotballspelar frå Gipuzkoa-provinsen i Spania. Målvakta vart europameister med Spania i 1964 og var i stallen til Athletic Bilbao i åra 1962 til 1980.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Iribar kom til Athletic Bilbao i 1962 og spelte fyrste sesongen tre kampar i La Liga. Sesongen etter vart han lagets fyrstemålvakt, ein post han hadde dei neste 16 åra. Med Athletic Bilbao vann han den spanske cupen 1969 og 1973. Sesongen 1970/71 slepte han ikkje inn mål i ti rake heimekampar. I 1977 tok laget seg til finalen i UEFA-cupen der det enda med tap mot italienske Juventus. Han la opp i 1980 etter totalt 614 kampar i klubben.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Iribar landslagsdebuterte for Spania i ein EM-kvalifiseringskamp mot Irland i mars 1964. Han vart snøgt fyrsteval til målvaktsplassen i landslaget og spelte begge EM-kampane, semifinalen og finalen, då Spania vann fotball-EM 1964 på heimebane i Madrid. Iribar vakta også Spanias mål under VM i fotball 1966. I tida 1964-76 stod han 49 landskampar mellom stengene.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1964 med Spania
  • Spansk cupmeister: 1969 og 1973 med Athletic Bilbao
  • Tapande UEFA-finalist: 1977 med Atheltic Bilbao

Kjelder[endre | endre wikiteksten]