José Carrillo de Albornoz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
José Carrillo de Albornoz

Statsborgarskap Spania
Fødd 8. oktober 1671
Sevilla
Død

26. juni 1747 (75 år)
Madrid

Yrke militær, politikar
Språk spansk
José Carrillo de Albornoz på Commons

José Carrillo de Albornoz, 1. hertug av Montemar (8. oktober 167126. juni 1747) var ein spansk adelsmann og militærleiar, som erobra Dei to Sicilia, Oran og Mazalquivir. Han var medlem av Carrillo-familien, ein spansk adelsfamile og var siciliansk statthaldar i 1734–1737.

Carillo tok sida til Filip av Anjou i den spanske arvefølgjekrigen og kjempa som mariscal de campo i slaget ved Villaviciosa (1710) i kavaleriet under greven av Aguilar.

Han deltok òg i det spanske felttoget på Sardinia og Sicilia under kvadrupelalliansekrigen mellom 1718 og 1720.

I 1731 leia han eit tokt som okkuperte hertugdømet Parma for den lovlege arvingen, Don Carlos, den framtidige kong Karl III av Spania.

I 1732 leia Blas de Lezo den spanske marinen, og De Albornoz leia den spanske armeen som erobra Oran og Mazalquivir frå tyrkarane (som hadde teke begge byane i 1708).

I 1733 kommanderte han den spanske armeen som kjempa og slo austerrikarane i Italia under den polske arvefølgjekrigen. Den største sigeren hans var slaget ved Bitonto den 25. mai 1734.

Han var den første siciliansk statthaldar etter den spanske gjenerobringa av øya frå 1734 til 1737 og krigsminister frå 1737 til 1741.

I 1741 vart han utpeikt som leiar for 50 000 mann i Italia under den austerrikske arvefølgjekrigen. Men mot slutten av 1742 vart han erstatta av greven av Gages for mangel på initiativ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: José Carrillo de Albornoz