José Luíz Barbosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
José Luíz Barbosa


Statsborgarskap Brasil
Fødd 27. mai 1961 (62 år)
Três Lagoas
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, VM i friidrett 1983, VM i friidrett 1987, VM i friidrett 1991, VM i friidrett 1993, VM i friidrett 1995, VM i friidrett 1997, VM i friidrett innendørs 1987, VM i friidrett innendørs 1989, VM i friidrett innendørs 1993, Panamerikanske leker 1983, Panamerikanske leker 1987, Panamerikanske leker 1995

José Luíz Barbosa (fødd 27. mai 1961) er ein brasiliansk tidlegare mellomdistanseløpar som spesialiserte seg på 800 meter. Han vann bronsemedaljen i VM 1987 og sølvmedaljen i VM 1991.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Barbosa deltok åra 1983-97 på 800 meter i alle seks verdsmeisterskapane og alle fire sommarleikane i perioden. Frå 1987 til 92 høyrde han til den absolutte verdstoppen på distansen. Han vann 800 meter ved innandørs-VM 1987 i Indianapolis på 1.47,49. Under verdsmeisterskapen same året i Roma kom han på tredjeplass, 0,70 sekund bak vinnaren, Kenyas Billy Konchellah. Året etter vart Barbosa sjettemann i OL-finalen i Seoul.

I verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo sprang Barbosa inn til sølv, slått med 0,35 sekund av Konchellah. Vel ei veke etter VM-finalen presterte Barbosa livsbeste på distansen då han vann ei tevling i Rieti på tida 1.43,08. Under dei olympiske sommarleikane i Barcelona vart han nummer 4 på 800 m, sidan klarte han ikkje nå finalen i VM eller OL.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]