José Manuel Martínez
Hopp til navigering
Hopp til søk
José Manuel Martínez Fernández (fødd 22. oktober 1971) er ein spansk tidlegare langdistanseløpar frå Madrid. Han vart europameister på 10 000 meter i 2002, og tok elles EM-sølv på 10 000 meter i 2006 og i maratonløping i 2010.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Martínez store triumf opplevde han under EM i friidrett 2002 i München, der han slo favoritten Dieter Baumann i spurten og vann gullmedaljen på 10 000 meter. I den neste europameisterskapen, i Göteborg i 2006, måtte han eitt trinn ned på sigerspallen. Han vann ein ny sølvmedalje ved EM 2010 i Barcelona, då i maratonløping.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 1999 i Sevilla: Nr 19 på 10 000 m – 28.55,8
- VM 2001 i Edmonton: Nr 13 på 10 000 m – 28.06,3
- EM 2002 i München: Gullmedalje på 10 000 m – 27.47,6, framom Dieter Baumann (27.47,8)
- VM 2003 i Paris: Nr 16 i maraton – 2.11.31
- OL 2004 i Aten: Nr 9 på 10 000 m – 27.57,6
- VM 2005 i Helsinki: Nr 30 i maraton – 2.20.07
- EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje på 10 000 m – 28.12,0, bakom Jan Fitschen (28.10,9). Braut maratonløpet
- VM 2007 i Osaka: Nr 9 i maraton – 2.20.25
- OL 2008 i Beijing: Nr 16 i maraton – 2.14.00
- VM 2009 i Berlin: Nr 8 i maraton – 2.14,04
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje i maraton – 2.17.50, bakom Viktor Röthlin (2.15.31)
- VM 2011 i Daegu: Nr 25 i maraton – 2.17.44
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «José Manuel Martínez» frå Wikipedia på tysk, den 20. juni 2020.