José Martí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
José Martí

José Julián Martí y Perez (28. januar 185319. mai 1895) var ein cubansk filosof, tenkjar, inspirator og president. Han var den store pådrivaren for cubansk sjølvstende frå kolonimakta Spania. Han blir òg sett på som den intellektuelle inspiratoren i den cubanske sjølvstendekrigen. Da krigshandlingane starta på nytt i 1895 var Martí og den cubanske generalen Antonio Maceo dei to sentrale pådrivarane.

På same måte som Maceo returnerte Martí tilbake til Cuba i 1895 frå eksil i USA, nærare bestemt New York. Martí vart straks utnemnd til president av dei cubanske opprørarane. Han fungerte i denne rolla frå 5. mai 1895 til 19. mai 1895, da han reid ut saman med Los Mambies og vart drepen i kamp med spanske troppar, vel 40 år gammal [1].

José Martí levde det meste av det vaksne livet sitt i USA etter å ha vorte landsforvist fra Cuba for anti-spansk verksemd. Under eksilet skreiv han ei rekke bøker og filosofiske tekstar. Frå heimen sin i New York åtvara han mellom anna mot å la amerikanarane få innpass på Cuba, med grunngjeving om at Cuba da ville gå frå å vera ein spansk til ein amerikansk koloni. Dei litterære verka hans er samla i 28 store band.

Martí blir i dag sett på som Cubas «landsfader», og nyt stor respekt i det cubanske folket. Som den andre «landsfaderen» blir Carlos Manuel de Céspedes y del Castillo rekna, som i 1869 starta det første opprøret mot den spanske kolonimakta.

Martí er òg mannen bak den kjende utsegna «for å vera fri, må du ha kunnskap frå fleire kjelder».

Martí har fått byen Marti på Cuba oppnemnd etter seg, og flyplassen i Havanna ber namnet «José Martí International Airport». Portrettet hans finst på dei cubanske 1 peso-setlane [2].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]