José Nasazzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
José Nasazzi
Jose nasazzi urug.jpg
Fødd 24. mai 1901
Montevideo
Død

17. juni 1968
Montevideo

Yrke fotballspelar, fotballtrenar
José Nasazzi på Commons

José Nasazzi Yarza (24. mai 190117. juni 1968) var ein uruguayansk fotballspelar frå Montevideo. Han var forsvarsspelar og lagkaptein på Uruguay sitt landslag som i 1930 på heimebane vann den aller fyrste verdsmeisterskapen i fotball.

Foreldra til Nasazzi var innvandrarar frå Lombardia i Italia og Baskarland i Spania. Sjølv byrja han spele fotball i ein liten klubb i Montevideo, før han i elleve år, 1922-32, gjorde teneste i fyrstedivisjonklubben Bella Vista. Sidan var han aktiv 1933-37 i Nacional, ein klubb han vart seriemeister med i 1933 og 1934.

I tida 1923-37 spelte Nasazzi 41 landskampar for Uruguay. Her bidrog han til landslaget sine mange suksessar i 1920- og 1930-åra. Både i 1923, 1924, 1926 og 1935 var han med å vinne den søramerikanske meisterskapen. Han var også med då Uruguay sigra i OL-finalen 1924 og då laget i 1928 i Amsterdam forsvarte den olympiske meistertittelen med 2-1 i finaleomkampen mot Argentina. Høgdepunktet i karrieren var likevel Fotball-VM 1930 på heimebaner. Etter å ha vunne semifinalen med 6-1 over Jugoslavia, låg Uruguay under 1-2 overfor Argentina ved pause i VM-finalen på Centenario-stadion i Montevideo. Framfor over 68 000 snudde Uruguay kampen i den andre omgangen og vann 4-2, etter kaptein Nasazzi hadde oppeldna lagkameratane i pausen. Nasazzi vart kåra til meisterskapens beste spelar og var den fyrste som kunne heve Jules Rimet-pokalen. Uruguay valde å ikkje delta i Fotball-VM 1934 i Italia. Året etter vann Nasazzi sin sjuande store triumf med Uruguay, også her under søramerikameisterskapen 1935 vart han kåra til turneringas beste spelar. Som back deltok han ikkje i angrep og skåra aldri på landslaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]