Josef Clemens av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Josef Clemens av Bayern

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 5. desember 1671
München
Død

12. november 1723 (51 år)
Bonn

Yrke katolsk prest, kunstsamlar, erkebiskop, politikar, katolsk biskop
Språk tysk, latin, fransk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Ferdinand Maria
Mor Henrietta Adelaide av Savoia
Josef Clemens av Bayern på Commons

Joseph Clemens av Bayern (fødd 5. desember 1671 i München, død 12. november 1723 i Bonn) var erkebiskop av erkebispedømet Köln frå 1688 til 1723.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Joseph Clemens var tredje sonen av kurfyrst Ferdinand Maria av Bayern og hustrua hans Henriette Adelaide av Savoie. Han hadde seks sysken.

Han vart alt i unge år, mot viljen sin, utvald til den geistlege standen og oppdrege overeins med det. I 1683 vart han koadjutor til bispedømet Regensburg, i 1684 til Freising og i 1685 til fyrstprostiet Berchtesgaden.

Etter fyrstbiskop Albert Sigmund døydde i 1685 vart han biskop av Regensburg og Freising. Sjølv om han framleis var mindreårig, vart han stadfesta i embetet av pave Innocens XI. I 1688 vart han, som 17-åring, ved hjelp av sterk støtte frå keisar Leopold I og pave Innocens, erkebiskop av Köln. Kölns domkapitel hadde eigenleg ynskt seg Vilhelm Egon av Fürstenberg.

På grunn av valet av Josef Clemens til erkebiskop av Köln førte dette til den pfalziske arvefølgjekrigen med Frankrike (1688-1697), som forhindra erkebiskopen i å slå seg ned i det nye domisilet sitt ved Bonn. I 1689 vart vasslottet i Brühl øydelagt av franskmennene, og kort etter erkebiskopen vendte attende byrja han med gjenoppbygginga. I 1694 vart han òg biskop av Lüttich. Likevel kravde paven at han skulle gje frå seg bispedøma Regensburg og Freising. Same år vart han koadjutor til bispedømet Hildesheim og la ned bispeembetet i Regensburg og Freising. Endå vart han allereie 1695 gjenvalt av domkapittelet i Regensburg.

Kort før utbrotet av den spanske arvefølgjekrigen inngjekk han forbund med Ludvig XIV av Frankrike. Bonn vart difor okkupert av keisaren sine soldatar, og Josef Clemens flykta i fransk eksil ved Namur. Same år vart han igjen biskop av Hildesheim. Frå 1704 heldt han seg i Lille, og frå 1709 til 1714 i Valenciennes. I Lille mottok han i 1706 bispeviinga frå biskopen av Cambrai, same år vart han lyst fredlaus av keisaren.

Ved freden i Baden og Rastatt fekk han alle vørdnadene sine og land tilbake. Ved tilbakevendinga til Bonn i 1715 hadde han med seg Konstanze de Grousselier. Han hevda etter bispeviinga å ikkje lenger ha noko intimt tilhøve til henne, noko som etter fødslane til borna hans likevel ikkje kan stemme.

Josef Clemens fekk tre born, to av dei med Konstanze de Grousselier, ein son og ei dotter: grev Jean Baptiste Victor de Grosberg-Bavière (17061768) og grevinne Antoine Levin de Grosberg-Bavière (17101757). I tillegg fekk han ein son, Emanuel de Bavière, med Anna Franziska de Louchier.

Josef Clemens døydde 12. november 1723 i Bonn. Han vart, som sine Wittelsbachforgjengarar på erkebispestolen i Köln, bisett føre Trekongarkapellet i den indre delen av Kölnerdomen.

Føregangar:
Maximilian Heinrich von Bayern
Erkebiskop av Köln Etterfølgjar:
Clemens August I av Bayern
Føregangar:
Jobst Edmund von Brabeck
Biskop av Hildesheim
føregangar:
Abrecht Sigismund
Biskop av Regensburg
Fyrstbiskop av Freising Etterfølgjar:
Johann Franz Eckher von Kapfing und Liechteneck
Føregangar:
Johann Ludwig von Elderen
Biskop av Liège Etterfølgjar:
Georg Ludwig von Berghes

Kjelder[endre | endre wikiteksten]