Josef I av Portugal
Josef I | |
![]() Portrett måla av Miguel António do Amaral. | |
Konge av Portugal og Algarve | |
Regjeringstid | 31. juli 1750–24. februar 1777 |
---|---|
Fødd | 6. juni 1714 |
Fødestad | Ribeira-palasset i Lisboa |
Død | 24. februar 1777 |
Dødsstad | Kongepalasset i Sintra |
Gravstad | Klosteret São Vicente de Fora |
Føregangar | Johan V |
Etterfølgjar | Maria I og Peter III |
Gift med | Mariana Victoria av Spania |
Gift med | Mariana Victoria av Spania |
Dynasti | Huset Bragança |
Far | Johan V av Portugal |
Mor | Maria Anna av Austerrike |
Born | Maria I av Portugal Infanta Mariana Francisca Infanta Doroteia Prinsesse Benedita av Brazil |
Josef av Portugal (1714–1777) var konge av Portugal frå 1750 til 1777.
Josef (José) var den tredje sonen til Johan V av Portugal og Maria Anna av Austerrike (1683–1754). Han blei gift med Mariana Victoria av Spania i 1729.
I 1750, då han var 36, blei Josef konge av Portugal. Josef regjerte aldri sjølv, men overlét politikken til Sebastião José de Carvalho e Melo, markien av Pombal.[1] Etter jordskjelvet i Lisboa i 1755 fekk han klaustrofobi og slo seg ned i ein teltby i Ajuda. Kongen blei rekna for å vera psykisk sjuk i 1774, og kona hans blei regent. Tre år seinare døydde han, og dottera Maria blei dronning saman med ektemannen Peter.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ History of Portugal: Pamphlet Collection. CUP Archive, 1937. Henta i september 2012 for Engelsk Wikipedia.
- Denne artikkelen bygger på «Joseph I of Portugal» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2014.