Józef Piłsudski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Josef Pilsudski)
Józef Piłsudski

Fødd5. desember 1867
Zalavas
Død12. mai 1935 (67 år)
Statsborgar avDet russiske imperiet, Den andre polske republikken
PartiDet polske sosialistpartiet PPS (1893; 1918)
Yrkepolitikar, militær, militær leiar, offiser, statsmann
InstitusjonarUniversitetet i Kharkiv
Utdanna vedUniversitetet i Kharkiv
MorMaria Piłsudska
FarJózef Wincenty Piłsudski
EktefelleAleksandra Piłsudska, Maria Piłsudska
BarnJadwiga Piłsudska, Wanda Piłsudska
MedlemZwiązek Sybiraków
Alle verv
  • Polens statsminister (1930–1930)
  • Polens statsminister (1926–1928)
  • generalinspektør for de væpnede styrker (1926–1935)
  • statsoverhode (1918–1922) Sjå dette på Wikidata

Józef Klemens Piłsudski (5. desember 186712. mai 1935) var ein polsk militær og nasjonalistleiar. Han var først kommandant for Den polske legionen i den austerrikske hæren, og seinare vart han Polen sin første president etter staten vart skipa, i 19181922, og i åra 19261935.

Józef Piłsudski var fødd i Zułowo (no Zalavas) utanfor Vilnius (polsk Wilno), i russisk Litauen. Han var sidan ungdomen polsk nasjonalist, og vart i 1886 utvist frå universitetet i Kharkov der han las medisin. Han vart forvist til Sibir i fem år i 1887. Da han kom tilbake, gjekk han inn i Det polske sosialistpartiet PPS. Han vart arrestert i 1900, men klarte å rømme, og fór til Galizia, som høyrde til Austerrike da. Frå 1905 gjorde geriljatroppane hans raid inn i Polen.

For å bryte laus Polen frå Russland samarbeidde Pilsudski med Tyskland og Austerrike-Ungarn. Med geriljatroppane sine som kjerne skipa han Den polske legionen, som han leidde i strid på austerriksk side i første verdskrigen. I november 1918 vende han tilbake til Warszawa, der han vart utpeika til øvstkommanderande og president. Han ville no ikkje lenger vere politisk bunden til sin gamle kameratar i PSP.

I aust var grensene ikkje fastlagde etter Versaillesfreden. Det fanst nye statar som Litauen og Ukraina, og det kommunistiske Russland gjorde krav på mange av dei same områda som Polen ville ha. Dette førte til Den polsk-sovjetiske krigen. Fredsslutninga i mars 1921 førte til at Polen fekk heller store område med ikkje-polsk befolkning i aust.

Pilsudski gjekk av som statsjef i 1922, men hadde framleis stor innverknad i polsk politikk. I mai 1926 gjorde han statskupp, og dette førte til at Polen vart eit diktatur frå 1926 til 1939. Han døydde i Warszawa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]