Josef Terboven sine kommissariske statsrådar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Josef Terboven sine kommissariske statsrådar, eller berre kommissariske statsråder, var ei norsk okkupasjonsregjering som administrerte Noreg frå 22. september 1940 til 1. februar 1942. Regjeringa Quisling II tok då over.

I likskap med Administrasjonsrådet, som dei avløyste, utgjorde ikkje dei kommissariske statsrådane noka eigentleg regjering. Rikskommissær (Reichskommissar) Josef Terboven peika ut statsrådane den 25. september 1940. Dei skulle styra over kvar sine fagdepartement på vegner av rikskommissæren.

Vidkun Quisling, leiar for partiet Nasjonal Samling (NS) fekk rolla som politisk sjef for statsrådane. Alle NS-statsrådar gav lojalitetsløfte til Quisling. Desse kommissariske eller konstituerte statsrådane møttest kvar torsdag til partikonferansar med føraren i NS. Quisling leidde møta tilsvarande ein statsminister i førebuande statsråd. Kvar fredag møttest alle, òg dei tre upolitiske statsrådane, til statsrådskonferanse under leiing av den eldste som var til stades. Quisling var i regelen til stede då òg. Planen til Terboven var at Quisling etter kvart skulle overta som regjeringssjef. NS vart samstundes det einaste tillatne politiske partiet i Noreg.

Tysk kommissarische Staatsräte er eigentleg mellombels eller «konstituerte statsråder», som vart nytta i tyske dokument på norsk. Uttrykket «kommissariske statsråder» har trass i dette festa seg.

Frå Terboven si side var ordninga eit kompromiss. Han hadde ynskt direkte tysk styre, og ville for all del ikkje ha Quisling i ei leiarrolle. Quisling hadde stønad frå Hitler, og kunne ikkje sjåast vekk frå.

Kommissariske statsrådar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]